Stor variasjon i korleis pandemien har påverka dei som bur på barnevernsinstitusjon

Helsetilsynet finn det svært bekymringsfullt at nokre barn og unge i barnevernsinstitusjonar ikkje har fått den hjelpa dei har behov for og krav på under pandemien.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.04.2021

Ein gjennomgang Helsetilsynet har gjort av 254 tilsynsrapportar frå barnevernsinstitusjonar syner at det er stor variasjon i korleis institusjonane og tenestene rundt barna og ungdommane har respondert på pandemien.

«Eg er drittlei av all koronaen!»

Rapporten er ein gjennomgang av tilsynsrapportane frå Statsforvaltarane sine regelmessige tilsyn med barnevernsinstitusjonane. For nokre ungdommar har pandemien i liten grad påverka dei og deira tilbod og tenester, medan for andre barn og unge har konsekvensane og belastningane vore store. Helsetilsynet har laga ni oppsummerande punkt om sine funn i rapportane:

  • Nokre barn og unge har blitt forseinka i sin skulegang eller falt ut av skulen.
  • Heimeundervisning har fungert fint for nokon, medan andre ikkje har fått den oppfølginga eller tilrettelegginga dei har hatt behov for.
  • Det er stor variasjon i om barn og unge med behandlingsbehov hjå barne- og ungdomspsykiatrien (BUP) har fått behandling, eller om behandlinga har vorte utsett eller falt heilt vekk.
  • Nokre barn har opplevd å få samvær med sine foreldre, søsken eller andre omsorgspersonar utsett eller avlyst.
  • I nær alle tilsynsrapportar kjem det fram at barn og unge har fått god og tilstrekkeleg informasjon om koronapandemien.
  • Tilsynsrapportane viser stor variasjon i smitteverktiltak som er sett i verk blant institusjonane, der nokon har gått langt strengare til verks enn andre.
  • Fleire barn og unge ga uttrykk for uro og bekymring knytt til pandemien og overfor dei endringar som skjedde i kvardagen på institusjonen.
  • Dei fleste barn og unge viser forståing for naudsynet av ulike smitterverntiltak. Samtidig kjem det og fram informasjon om uro og utagering ved enkelte institusjonar.
  • Fleire barn og unge seier dei saknar venner og at de kjedar seg mykje på institusjonen. Andre igjen får tilrettelagt for vennesamvær og tilbod om ein rekke aktivitetar.

Store variasjonar

Helsetilsynet peikar òg på at det er bekymringsfullt at tilsynsrapportane avdekker stor variasjon i korleis institusjonane og tenestene legg til rette, følgjer opp og kompenserer som følgje av endring eller bortfall av tenester og tilbod til barn og unge. Helsetilsynet ber derfor statsforvaltarane om at dei ved framtidige institusjonstilsyn særleg følgjer med på institusjonens praktisering av smittevern og deira pådrivarrolle overfor andre tenester.

Du finn meir om helsetilsynet sine funn, rapporten og deira oppslag her.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.