Faglege anbefalingar om kompetansekrav og utdanning for kommunalt barnevern

Bufdir har publisert nye faglege anbefalingar om kva kompetanse ei barnevernteneste samla sett bør ha, jamfør endringane i barnevernslova frå 1. januar 2022.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 16.02.2023

Anbefalingane gjev rettleiing til kva kompetanse ei barnevernsteneste samla sett bør ha, kva kompetanse ein barnevernsleiar bør ha og kva samla kompetanse ein barnevernsvakt bør ha.

Anbefalingane er ikkje uttømmande, men skal fungere retningsgjevande. Kommunen har ansvar for at kompetansekrava er oppfylte og må gjere ei konkret vurdering av dette. Du kan lese rettleiaren i sin heilskap på Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet sine sider. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.