E-læringskurs for verjer

Statens sivilrettsforvaltning (SRF) har laga ei ny kursplattform for verjer.

Publisert 09.02.2021

Det første kurset dei har lansert, er eit introduksjonskurs for nye verjer som gir ei innføring i det mest grunnleggande ei verje må vita om rolla til verja, kva verja må kunna og verjemålssystemet.

 

Sjølv om introduksjonskurset først og fremst er meint for nye verjer, op,pmodas alle verjer, både faste verjer og andre, til å ta kurset. Som verje kan du ta kurset heimefrå. Gjennom heile kurset er det små oppgåver som gir moglegheit til å reflektera. Kurset blir avslutta med ein liten test.

 

SRF jobbar med å utvikla fleire kurs som vil bli tilgjengeleg på den same kursplattforma.

 

Du finn kurset inne på Mine verjemål