Tilskot til symjeopplæring for nykomne minoritetsspråklege elevar - 2020

Søknadsfrist:
10. september 2020
Målgruppe:
Tilskotsordninga gjeld for nykomne minoritetsspråklege barn og unge i grunnskolen og vaksne med rett til grunnskoleopplæring.
Ansvarlig:
Fylkesmannen i Vestfold og Telemark, Oppvekstavdelingen
Hvem kan søke:
Kommunar med nykomne minoritetsspråklege elever kan søke
Rapporteringsfrist:
10. desember 2020

Fylkesmannen i Vestfold og Telemark er tildelt 800 000 kroner som skal nyttast til symjeopplæring for nykomne minoritetsspråklege elevar i 2020. På grunn av usikkerheit knytt til Covid 19 -situasjonen ble ikkje midlane utlyst på våren 2020. Tilskotsordninga gjeld for nykomne minoritetsspråklege barn og unge i grunnskolen og vaksne med rett til grunnskoleopplæring. Tilskotssatsen er inntil kr 1 750 per elev som det blir gitt symjeopplæring til. Andre kostnader må kommunen dekke sjølv. Tilskotet skal brukast i budsjettåret 2020.

Publisert 21.08.2020

Målet for ordninga

Målet er å redusere risikoen for drukningsulykker og å setje elevane betre i stand til å nå kompetansemåla i læreplanen. Det er eit mål i læreplanen at elevane skal vere symjedyktige etter 4. årstrinn.

Søknad om tilskot

Fylkesmannen i Vestfold og Telemark utbetal tilskotsmidlar til kommunar etter søknad. Vedlagt søknadsskjema må fyllast ut og sendast til fmvtpost@fylkesmannen.no.

Føljande leggast til grunn:

  • Kommunar med nykomne minoritetsspråklege elever kan søke
  • Målgruppa er nykomne minoritetsspråklege barn, unge og vaksne som omfattast av grunnskoleopplæringa
  • Kommunane vel sjølve kordan opplæringa skal organiserast
  • Symjeopplæringa kan leggast til skoletida eller etter skoletida
  • Satsen er inntil 1 750 kroner per elev
  • Kommunane må dekke andre kostnader sjølv

Om tilskotsbeløpet

Fylkesmannen i Vestfold og Telemark disponerer 800 000 kroner til dette formålet i 2020. Dersom ramma ikkje tilstrekkeleg for å innfri alle søknadane, kan det bli aktuelt justere ned tilskotssatsen.

Krav til innehald i søknaden

  • Talet på elevar det søkjast om tilskot for
  • Kort om korleis symjeopplæringa skal organiserast, og kor den skal gjevast
  • Kontonummer midlane skal inn på
Søknadsfrist:
10. september 2020
Målgruppe:
Tilskotsordninga gjeld for nykomne minoritetsspråklege barn og unge i grunnskolen og vaksne med rett til grunnskoleopplæring.
Ansvarlig:
Fylkesmannen i Vestfold og Telemark, Oppvekstavdelingen
Hvem kan søke:
Kommunar med nykomne minoritetsspråklege elever kan søke
Rapporteringsfrist:
10. desember 2020