Verneplanarbeid for 28 nye område

Stavsholtmyrane naturreservat ble verna i 1979. Foto: Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark
Stavsholtmyrane naturreservat ble verna i 1979. Foto: Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark

Statsforvaltaren varslar med dette at det er starta opp verneplanarbeid for 28 område som er aktuelle for vern etter naturmangfoldloven

Publisert 29.10.2021

Verneplanarbeidet gjeld areal der grunneigarane har kome med tilbod om frivillig vern av skog. For tre av tilboda er det snakk om utviding av eksisterande naturreservat.

Verneplanprosessane for desse områda vil i hovudsak gå føre seg i 2022 og 2023. Det vil vere eit mål å tilråde så mange som mogleg til Miljødirektoratet slik at dei kan kome med på vernevedtak i 2022 og 2023. Det forutset mellom anna at forhandlingar om erstatning er avslutta og god tid før
vernevedtak

Synspunkt i samband med verneplanarbeidet kan sendast til Statsforvaltaren innan 15. desember 2021.

Vi ber om at fråsegner blir sendt oss på e-post til vårt postmottak:
sfvtpost@statsforvalteren.no 

Vi ber og om at avsendar presiserer kva for område uttalen gjeld for.
Dette vil lette den vidare sakshandsaminga. Formålet med denne meldinga er å få fram opplysningar om interesser i dei aktuelle områda.