Finn din nasjonalpark

Noreg har 47 nasjonalparkar, Vestfold og Telemark har tre av dei.

Publisert 19.07.2021

Miljødirektoratet har laga ein ny nettstad Norgesnasjonalparker.no

Her har dei samla alle nasjonalparkar, andre verneområde, besøkssenter, nasjonalparklandsbyar og nasjonalparkkommunar under ein visuell identitet for stadig betre vern og meir besøk.

Færder nasjonalpark

er eit vakkert skjergardsområde med små og store øyar.  Dei særprega, glattskurte svaberga, kalla «kvalskrottar» på grunn av den karakteristiske forma si etter istida, finst få andre stader.

Landskap forma og slipt av is, vatn og vind gjennom millionar av år. Foto: Birgit Brosø
Landskap forma og slipt av is, vatn og vind gjennom millionar av år. Foto: Birgit Brosø

Kvar i Noreg

Færder nasjonalpark ligg ytst i Oslofjorden, nær Tønsberg, berre to timars køyring frå Oslo. I aust grensar nasjonalparken til Ytre Hvaler nasjonalpark.

Opplevingar 

I sommarmånadene er det yrande båtliv, padling, soling og bading. Færder nasjonalpark innbyr til padling heile året med utalde fine og luna bukter og smale passasjer. Fleire flotte gapahuker innbyr til overnatting. Til Bolærneøyene går det rutebåt om sommaren, her kan du gå på kyststiene, oppleva fugl- og plantelivet og nyta utsikta. Her er òg mange moglegheiter for kulturopplevingar, forsvarsmuseum og kafe. Verdsens ende og Moutmarka er landfast og tilgjengeleg turområde heile året.

Besøkssenteret ligg på sydspissen av Tjøme, Verdens Ende. Foto: Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark
Besøkssenteret ligg på sydspissen av Tjøme, Verdens Ende. Foto: Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark

 

Hardangervidda nasjonalpark

er Nord-Europas største høgfjellsslette og skiftar mellom bratte vestlandsfjell i Hardanger og slakt, dovent viddelandskap i aust. Hardangervidda verkar eit massivt og uendeleg landskap beståande av urørd natur.

Briskevatn. Foto: Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark
Briskevatn. Foto: Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark

Kvar i Noreg

Hardangervidda nasjonalpark ligg mellom Austlandet, Vestlandet og Sørlandet. Du når Hardangervidda ved Finse stasjon på fire timar med tog frå Oslo og to timar og 20 minutt frå Bergen. Med bil og buss er reisetida frå både Oslo og Bergen ca. fire timar.

Opplevingar

Eit stort nett av stiar og skiløyper gjer Hardangervidda tilgjengeleg for turglade. Sti- og løypenettet går mellom ei rekke betente og ubetjente turisthytter. Juli-august er den beste tida for fotturar på Hardangervidda medan ettervinteren er finast for lange skiturar. Vestvidda byr på spektakulære natur med høge fjell, djupe dalar og flotte fossefall. Østvidda innbyr til vandring i ope og slakare landskap. Mange vatn og elvar gjer området til eit eldorado for sportsfiske.

På Skinnarbu, sør for Hardangervidda, finn du besøkssenter Hardangervidda nasjonalpark. Foto: Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark
På Skinnarbu, sør for Hardangervidda, finn du besøkssenter Hardangervidda nasjonalpark. Foto: Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark

 

Jomfruland nasjonalpark

er perla på Telemarkskysten! Her kan du oppleva vakre landskap, rikt fugl- og planteliv og læra om naturhistoria, kystøkosystemet og kystkulturen.

Øya Skratta. Foto: Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark
Øya Skratta. Foto: Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark

Kvar i Noreg

Jomfruland nasjonalpark ligg ytst ved kysten utanfor Kragerø, tre eller fire timars køyring frå Kristiansand eller Oslo.

Opplevingar

Med så mykje vatn er Jomfruland nasjonalpark perfekt til båttur, kajakkpadling og fisking. I sjøen er det tillate å fiska heile året. Om sommaren er det eit yrande båtliv i nasjonalparken, både på øyane Jomfruland og Stråholmen, men også på dei mange holmane. Frå fyrtårnet midt på Jomfruland får du god utsikt over heile nasjonalparken, og like ved finnar du Tårntjernet, som du kanskje kjenner igjen frå Theodor Kittelsens måleri?

Portalen til Jomfruland nasjonalpark. Foto: Morten Johannessen
Portalen til Jomfruland nasjonalpark. Foto: Morten Johannessen