Pass på at plantane ikkje rømmer frå hagen din!

Kjempespringfrø ved Melsom plante- og dyrefredningsområde. Foto: Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark
Kjempespringfrø ved Melsom plante- og dyrefredningsområde

Framande artar er eit aukande problem både globalt og nasjonalt - og dette truar naturen vår. Vêr ein ansvarleg hageeigar og pass på at artane ikkje spreier seg frå hagen din.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 05.07.2021

Kva er framande artar?

Mange hageplantar utgjer ein risiko for naturen vår fordi dei kan spreie seg til naturen vår og utkonkurrere dei artane som høyrer heime der. I tillegg kan dei spreie sjukdommar og parasittar, krysse seg med naturleg heimehøyrande artar og forandre strukturen på naturtypar. Vi ønsker derfor at hageplantar skal halde seg i hagen!

Som hageeigar har du lov å behalda alle plantar du allereie har i hagen din, så lenge du sørger for at dei held seg på same stad, og ikkje blir spreidd. Det gjeld òg framande artar som er uønskt i Noreg.

Korleis vera ein ansvarleg hageeigar?

Miljødirektoratet har lansert hagevettreglane. Ved å følgje desse bidrar du til at framande artar ikkje spreier seg frå hagen din og skader naturen.

Hagevettregel #1 Bli kjent med hagen din!
Hagevettregel #2 Unngå at plantane rømmer
Hagevettregel #3 Kast hageavfallet ditt riktig
Hagevettregel #4 Ikkje del plantar ukritisk med andre

Hagevettregler

 

Takk for at du passar på at ikkje framande artar spreier seg til naturen vår!


Eksempel på framande artar som er uønskt i Noreg:

Rynkerose (Rosa rugosa) stammar frå Nordaust-Asia og er ein 1-2 m høg busk med frøformering og med saftige frukter (nyper). Nypene kan spreiast med havstraumar og med fugl. Arten er ein vanleg og strukturerande art på havstrender der han kjem frå i Øst-Asia. Rynkerose vart teke inn til Noreg som prydplante på 1800-talet, men vart funne vilt først i 1930 ved Jarlsberg i Tønsberg. Neste funn var i 1940 på Malmøya i Larvik.
Rynkerose (Rosa rugosa) stammar frå Nordaust-Asia og er ein 1-2 m høg busk med frøformering og med saftige frukter (nyper). Nypene kan spreiast med havstraumar og med fugl. Arten er ein vanleg og strukturerande art på havstrender der han kjem frå i Øst-Asia. Rynkerose vart teke inn til Noreg som prydplante på 1800-talet, men vart funne vilt først i 1930 ved Jarlsberg i Tønsberg. Neste funn var i 1940 på Malmøya i Larvik. Foto: Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark .
Lupiner (Lupinus polyphyllus). Arten vart introdusert til Europa i 1826 som prydplante (Fremstad 2010). I seinare tid er ho sådd ut for å stabilisera jordmassar langs vegar og jernbanar, der trafikken har bidratt til å spreia den vidare. Han har òg i stigande grad spreidd seg ut frå mange hagar. Forutan å innta kantsoner og skrotemark, har han etablert seg på mange elveører.
Lupiner (Lupinus polyphyllus). Arten vart introdusert til Europa i 1826 som prydplante (Fremstad 2010). I seinare tid er ho sådd ut for å stabilisera jordmassar langs vegar og jernbanar, der trafikken har bidratt til å spreia den vidare. Han har òg i stigande grad spreidd seg ut frå mange hagar. Forutan å innta kantsoner og skrotemark, har han etablert seg på mange elveører. Foto: Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark.
Parkslirekne (Reynoutria japonica).  Parkslirekne kom troleg til Noreg i 1860-70-årene og vart mellom anna spreidd gjennom F.C. Schübelers hageplanteforsøk til nordre Nordland. Arten blir vurdert å ha ein stor negativ økologisk effekt. Parkslirekne kan dukka opp på nesten all slags mark. Foto: Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark
Parkslirekne (Reynoutria japonica). Parkslirekne kom troleg til Noreg i 1860-70-årene og vart mellom anna spreidd gjennom F.C. Schübelers hageplanteforsøk til nordre Nordland. Arten blir vurdert å ha ein stor negativ økologisk effekt. Parkslirekne kan dukka opp på nesten all slags mark. Foto: Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark
Filtarve og sølvarve er fleirårige, mattedannende urter med sterk klonal vekst og også med rikeleg blomstring og frøsetting. Frøa blir spreidde passivt, men frøspredning med tråkk (folk og dyr) synest å forklara mange førekomstar. Artane er komne inn som prydplantar. Dette er fleirårige hagestaudar frå Sør-Italia og Krim. Dei er særs hardføre og har vore dyrka sidan 1800-talet.

Planten vart først funnen heilt på slutten av 1800-talet, med første funn i Brevik i Porsgrunn i 1897.
Filtarve og sølvarve er fleirårige, mattedannende urter med sterk klonal vekst og også med rikeleg blomstring og frøsetting. Frøa blir spreidde passivt, men frøspredning med tråkk (folk og dyr) synest å forklara mange førekomstar. Artane er komne inn som prydplantar. Dette er fleirårige hagestaudar frå Sør-Italia og Krim. Dei er særs hardføre og har vore dyrka sidan 1800-talet. Planten vart først funnen heilt på slutten av 1800-talet, med første funn i Brevik i Porsgrunn i 1897. Foto: Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Begrep

Framand art: Ein art som er innført til staden, anten med vilje eller av vanvare, men som opphavleg høyrer heime ein annan stad. Dei aller fleste plantar gjer ikkje skade, men nokon påverkar det biologiske mangfaldet negativt.

Hagerømling: Hageplante som har forvilla seg ut i naturen og etablert seg der. Mange spreier seg ekstremt raskt og trengjer bort stadbunden natur.

Forbodsliste: Liste over artar det er forbode å selje og plante.

Kontakt oss

Direktør miljøavdelingen:
Grethe Helgås
Telefon 33 37 23 09

E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no

All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.

Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding