Mellombels endring av løyve etter forureiningslova for Nel Hydrogen Electrolyser AS

Nel Hydrogen Electrolyser AS på Notodden har søkt, og fått innvilga mellombels endring av løyve etter forureiningslova for fabrikken på Notodden.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 31.05.2021

Nel Hydrogen Electrolyser AS melde i november 2020 at dei hadde oppdaga at utsleppet til Heddalsvatnet inneheldt stoff som ikkje var regulert i løyvet, og som dei ikkje har hatt kunnskap om tidlegare. Då dette vart oppdaga, vart avløpet til Heddalsvatnet stengt og produksjonen stoppa opp.

Verksemda har på bakgrunn av type og mengder innsatsstoff, analysar av bad og skyllevatn etc. og type prosessar i produksjonen berekna utslepp til vatn av relevante parametrar. Vidare er det gjennomførd tiltak som har redusert utsleppa. Dei har søkt og fått innvilga mellombelse endringar i løyve. Slik at dei nå kan starta opp igjen produksjonen, og koma i gang med målingar og dokumentasjon av dei faktiske utsleppa, og dessutan å testa ut ytterlegare tiltak for å redusera utsleppa. Ny dokumentasjon på utsleppa, og erfaringar frå tiltak for å redusera utslepp, skal danna grunnlag for søknad om endring av gjeldande løyve etter forureiningslova.

Endringa gjeld utslepp av prosessavløpsvatn til Heddalsvatnet og nye krav om rapportering til Statsforvaltaren. Løyve er gyldig til ny permanent løyve er vedteke, men likevel ikkje lenger enn til 01.05.22.

Løyve etter forureiningslova finn du i under dokument i menyen til høgre.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontakt oss

Direktør miljøavdelingen:
Grethe Helgås
Telefon 33 37 23 09

E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no

All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.

Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding