Løyve til mudring – Valleveien i Bamble

Ein privatperson har fått løyve til å mudre for å auke seglingsdyp ved privat brygge.

Publisert 11.06.2021

Statsforvaltaren har behandla søknad frå ein privatperson om løyve til verksemd etter forureiningslova. Canica AS, på vegne av privatpersonen, søkte 05.02.2021 om løyve til å mudre 385 m2 sjøbotn med eit masseuttak på 193 m3 ved Valleveien 990, gbnr.  83/142 i Bamble kommune. Statsforvaltaren har vedtatt å gi løyve på visse vilkår.

 

Vedtaket kan klagast på av parter i saka og andre med rettsleg klageinteresse.

 

Eventuelle klager må ein grunngi og sende innan 2. juli 2021 til:

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, Postboks 2076, 3103 Tønsberg
eller på e-post til sfvtpost@statsforvalteren.no

Kontakt oss

Direktør miljøavdelingen:
Elisabet Rui
Telefon 33 37 11 78

E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no

All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.

Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding