Løyve for DuoZink AS i Sandefjord

Statsforvaltaren har vedteke å gi DuoZink AS løyve til verksemd etter forureiningslova for fabrikken på Borgeskogen i Sandefjord.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.02.2021

DuoZink AS driv med varmforsinking og industriell overflatehandsaming. Verksemda har utslepp til luft frå disse prosessane, men skal ikkje ha utslepp til vatn.

Verksemda er omfatta av industriutsleppsdirektivet (IED).

Vedtaket kan klagast på av partar i saka og andre med rettsleg klageinteresse.

 

Eventuelle klager må ein grunngi og sende innan 24.03.21 til: 
Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, Postboks 2076, 3103 Tønsberg
eller på e-post til sfvtpost@statsforvaltaren.no

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar