Sandefjord kommune er kåra til «Årets inspirasjon 2020» av Miljøfyrtårn

Frå byvandring i Sandefjord sentrum 15. okt. 2020.  Klimakoordinator Ole Jakob Hansen viste fram fleire klimatiltak. Foto: Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark
Frå byvandring i Sandefjord sentrum 15. okt. 2020. Klimakoordinator Ole Jakob Hansen viste fram fleire klimatiltak. Foto: Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark gratulerer Sandefjord kommune med prisen "Årets inspirasjon 2020" av Stiftelsen Miljøfyrtårn - for deira offensive rolle med å fremma berekraft for heile kommunen.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 15.01.2021

Grunngjevinga til juryen er bl.a. "Kommunen har sett ambisiøse klimamål og jobbar heilskapleg, aktivt og framtidsretta med klima- og miljøspørsmål, og med iver og vilje til å bidra til den nødvendige grøne omstillinga".

Norske kommunar står heilt sentralt i det grøne skiftet, og er viktige aktørar for å redusera klimagassutsleppa i Noreg. Det kan dei gjera gjennom eiga drift, og gjennom å påverka andre aktørar – særleg næringslivet. Skal offentleg sektor krevja at næringslivet gjennomfører ressurskrevjande miljøtiltak, må dei gå føre med eit godt døme og bruka tilgjengelege verkemiddel.

Juryen løftar fram at Sandefjord kommune sett ambisiøse klimamål, og skal innan 2030 redusera klimautsleppa med 40 prosent. Kommuneplanen bygger òg på fleire av FN sine berekraftsmål.  «Sandefjord viser veg for berekraftige bygg gjennom fleire oppførte nybygg med mellom anna solcellepanel, massivtre og sedumtak, og har sett konkrete mål om gjennomføring av berekraftig områdeutvikling.

Sandefjord kommune jobbar heilskapleg, aktivt og framtidsretta med klima- og miljøspørsmål, og med iver og vilje til å bidra til den nødvendige grøne omstillinga. Vi håper arbeidet til kommune er til stor inspirasjon for resten av kommune-Noreg!»

Sjå heile grunngjevinga til juryen og gratulasjonen frå klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn her.

Vi gir stor honnør til Sandefjord, og er stolte over å ha ei framtidsretta klimakommune i vår region!

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.