Tiltak vil gi god effekt

Ingen økosystem har fleire trua arter enn ferskvatn. Ein av dei viktigaste årsakene er at framande arter blir spreidde av menneske, og truar dei fiskeartene som er der frå før.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 17.02.2021

Miljødirektoratet skriv på heimesida: Ny rapport foreslår tiltak mot framande fiskearter i Telemarkskanalen, på Hardangervidda og i kommunane Asker, Moss og Nesodden. 

– Vi vil vurdera dei foreslåtte tiltaka i dialog med kommunar og lokale aktørar. Mest aktuelt er rotenonbehandling, fiskesperrer, informasjonssatsninger og betre handheving av lovverk mot ulovleg utsetjing av framande fiskearter, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

Følgjer båtane opp Telemarkskanalen

I Telemarkskanalen tilrår Nina å fjerna gjedde og suter frå øvre del av kanalen. Tiltaket vil ifølgje rapporten bety mykje for å hindra artane i å spreia seg til ei stor mengde nye vatn. 

–  Framande fiskearter følgjer båtane opp slusene. For at båttrafikken skal kunna vidareførast i Telemarkskanalen, utan fare for spreiing av framande artar som gjer stor skade på det biologiske mangfaldet, er det viktig å gjennomføra tiltak som hindrar ei slik spreiing, ifølgje Hambro

 

Les meir som saka på heimesida til Miljødirektoratet.

Her finn du og lenke til rapporten. Rapporten er laga av Norsk institutt for naturforskning (Nina).

Kontaktperson i Miljødirektoratet:

Prosjektleiar: Jarle Steinkjer, epost: jarle.steinkjer@miljodir.no , tlf: +4793454195

 

 

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.