Snøbrekk og fare for borkbiller – skadeførebygging er viktig

Granborkbilla er berre 6 mm lang, men kan gjere stor skade. Foto: Ingrid Knotten Haugberg

Det er lokalt store skadar i skogen på grunn av tungt snøfall i vinter. Opprydding i skogen er viktig for å unngå oppblomstring av borkbiller og å redde tømmerverdiar, og det hastar i juni!

Publisert 09.06.2021

Sjekk skogen din

Skogeigarar må gå over eigen eigedom og skaffe seg oversikt over skadar i skogen. Jo tidlegare ein oppdagar nye billeangrep, jo meir effektiv vert kampen mot billene og jo meir av virkesverdien kan ein redde. Særleg rotvelter og tre med stammebrekk er gode ynglestadar for granborkbiller. Bestand som vart skadde av snø i vinter må difor ryddast opp i. Det var lokalt store førekomstar av borkbiller i fjor, og med varmen no i juni, er det fare for nye, store angrep.

Avtal hogst

Etter hogst er det viktig å få tømmeret ut av skogen før dei nyklekte billene flyg ut frå treet. Du må derfor ha tømmerkjøpar med i planlegginga. Ta kontakt med tømmerkjøpar for å få råd om hogst og skadeførebyggjande tiltak. Kommunen kan gje informasjon om aktuelle skogaktørar og økonomiske verkemiddel. Tømmeret bør fraktast ut av skogen innan 15. juli.

Besøk skogen gjennom sommaren

Dei siste åra har granborkbillene til dels sverma to gonger i vårt område. Det betyr at biller som klekker på forsommaren svermar og angrip nye tre i august månad. Dei legg egg som utviklar seg til larver og nye biller, som gjerne overvintrar under borken. Skogeigar bør sjå etternye angrep med jamne mellomrom i perioden mai til august. Trær som vert angripne på ettersommaren, bør hoggast og takast ut av skogen inne billesverminga neste vår.

Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) har laga ein film om korleis du kan kjenne att stor granborkbille og ein film om korleis du kan kjenne att granborkbilla sine gangsystem under borken. Gå ut og finn ut om din skog er under angrep!

Hald deg oppdatert

Meir om skadeførebyggande tiltak, skoghygiene og stor granborkbille kan du lese hjå Landbruksdirektoratet. Der finn du mellom anna «Faglig beredskapsplan for stor granbarkbille» og lenke til NIBIO sitt nye kartlag for borkbilleovervaking. I kartet vert risikoen for utbrot vurdert og oppdatert gjennom sommaren.

Død skog kan stå

Trær og skogsvirke som allereie er dødt og tørt, treng ein ikkje å fjerne. Dei kan huse naturlege fiendar av borkbillene og mange andre artar og har dessutan tapt mykje av sin verdi som tømmervirke. I nokre tilfelle vil det likevel vere rasjonelt å ta ut død skog i samband med anna skogsdrift for å leggje til rette for forynging med ny skog.

Skogforsikring mot snøskadar

Snøskadane frå sist vinter er størst i høgdelaget 400-650 meter over havet. I nokre bestand er det stort omfang av stammebrekk og toppbrekk. Om du har skogforsikring, må du ta kontakt med forsikringsselskapet for å avtale taksering. Forsikringa trer inn når minst 25 % av trea på eit skadefelt er knekte eller velta.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.