Skogfond til opprydding av vindfall

7 kommunar i Vestfold og Telemark vart råka av stormen 19. november i fjor. Det er viktig at det vert rydda opp i stormskadd skog, både for å hindre angrep av stor granborkbille og for å få opp ny skog.

Publisert 06.01.2022

Landbruksdirektoratet har i dag publisert ei nettsak om bruk av skogfond til opprydding av vindfall. Der kan du mellom anna lese om vilkår for å nytte skogfond til å dekke underskot i oppryddingsarbeid og moglegheit for å gjennomføre tilleggsinnbetaling til skogfond innan 6. februar.

Landbruksdirektoratet vil om kort tid komme med nærare informasjon om kva for hovudkodar som skal nyttast i fagsystemet ØKS og kva som er underskot. Sjå òg direktoratet si nettside om kva skogfond kan nyttast til – og ikkje nyttast til.

Landbruksdirektoratet har òg laga ei eiga nettside med aktuell informasjon om stormfelt skog etter stormen 19. november 2021.

Hugs at opprydding i vindfelt skog er farleg arbeid som må utførast av kompetente personar. Ta kontakt med tømmerkjøpar for rådgjeving og avtale om oppdrag.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.