Rapport «Granbarkbillen – registrering av bestandsstørrelsene i 2020» er publisert hjå NIBIO

Lokalt i vårt fylke har vi sett store tørke- og billeskadar dei to siste åra. Ut frå data frå borkbilleovervakinga meiner NIBIO likevel at mengda granborkbiller i skogane ikkje er alarmerande høg.

Publisert 05.11.2020

Som de kan lese både i rapporten og i NIBIO sin nyhendesak på nett, vert faren for nytt borkbilleutbrot tona ned. Legg likevel merke til at store variasjonar mellom kommunane innan kvart fylke påverkar gjennomsnittstala, slik at lokale billeproblem vert noko kamuflert. Porsgrunn er nemnd fleire stader i rapporten og er faktisk kommunen med høgast gjennomsnittleg billefangst i heile landet i 2020.

Vi noterer oss oppmodinga om å følgje med, melde inn skader og vurdere treslagsskifte på tørkesvak grunn. Borkbiller og tørkeskadar er tema som framleis er høgst aktuelle i vårt fylke og som vi vil halde tak i.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.