Breisnutebille - ny skadegjerar som må fylgjast opp

I fjor haust vart det oppdaga ein ny skadegjerar på granplanter i Vestfold og nokre andre stadar på Austlandet. Forskarar ved NIBIO slo fast at det var snakk om arten Strophosoma capitatum, ei breisnutebille som ikkje har norsk namn.

Publisert 30.06.2020

Billa gneg på nålene på små granplanter. I fylgje NIBIO finst arten i store delar av landet, men den har ikkje vore rekna som ein alvorleg skadegjerar i Noreg.

No kan det sjå ut til at det har vore ein oppsving i billepopulasjonen. Kan hende er det tørkesommaren i 2018 som har vore gunstig for breisnutebilla. Billa et mange ulike vekstar, men på hogstflater der det er lite anna vegetasjon, kan den forsyne seg grovt av barnålene på små granplanter. Hausten 2019 vart det observert at billa hadde gjort betydeleg skade i fleire plantefelt i Vestfold. På ei hogstflate i Hof var 70-90 % av plantene skadde heilt eller delvis. I fleire tilfelle var plantene fullstendig avnåla.

Trass i hard beiting av breisnutabilla, kjem granplantene med vitale skot i år. Foto: Ingrid Knotten Haugberg, FMVT

No i byrjinga av juni oppsøkte vi eit plantefelt i Andebu i Sandefjord, kor det vart observert skader av breisnutebilla hausten 2019. Knoppane på granplantene hadde brote, og skota såg ut til å vere vitale og i god vekst. Også planter som hadde vore hardt beita hadde gode skot, og det lovar godt for granplantene si evne til å overleve angrep. Utviklinga framover vil avhenge av kor godt plantene utviklar seg og kor massivt billeangrepet vert. Fylkesmannen i Vestfold og Telemark vil fylgje opp utviklinga til breisnutebilla i samarbeid med NIBIO.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.