Bønder i Vestfold og Telemark har satsa på klimavennlege tiltak i 2020

Førebelse tal frå søknader om tilskotet til RMP (Regionalt Miljø Program) viser ein betydeleg auke i arealet med fangvekstar, arealet med direktesåing om hausten, og arealet med miljøvennleg spreiing av husdyrgjødsel.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 02.11.2020

Fangvekstar bidrar til oppbygging av organiske material, og dermed til binding av karbon i jorda. Jordstrukturen blir òg forbetra og er det er positivt for vasshushaldet og for å redusera erosjon. Arealet med fangvekstar i Vestfold og Telemark har auka frå 7 900 daa i 2019 til 13 800 daa i 2020!

Arealet med direktesådd haustkorn og haustoljevekstar har auka frå 5 900 daa i 2019 til 9 300 daa i 2020. Direktesåing om hausten betyr såing utan at jorda blir pløgd. Avlingspotensial av haustsådde vekster er større enn vårsådde. Ei høg avling per daa er eit godt klimatiltak fordi det frigjer areal til meir matproduksjon. Dessutan blir jorderosjon og tap av næringsstoff til vassdraga langt mindre ved direktesåing.

Miljøvennleg spreiing av husdyrgjødsel fører til mindre tap av nitrogen, og dermed mindre utslepp av lystgass til luft. Ved miljøvennleg spreiing blir husdyrgjødsel spreidd ved nedfelling i jorda eller nedlegging på bakken i staden for breispreiing. Arealet med miljøvennleg spreiing av husdyrgjødsel i Vestfold og Telemark har auka frå 54 000 daa i 2019 til 63 000 daa i 2020.  

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner