Fjellandbruk

Foto: Anne Aasmundsen
Foto: Anne Aasmundsen
Oppdatert 30.06.2021

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark er blitt tildelt midlar for ei ny satsing innan fjellandbruket i Vestfold og Telemark. Dette er ei 3-årig satsing som starta opp i 2019. Vestfold og Telemark er ein av dei fire regionane som skal ha ei spesiell satsing innan fjellandbruket i perioden 2019-2021. Dei andre regionane er Innlandet, Oslo og Viken og Trøndelag.

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark vart tildelt 500 000 kroner til satsing i fjellandbruket i 2019 og 1 000 000 kroner i 2020.  For 2021 har me fått 1 000 000 kroner.

Målgruppe:

  • Prosjekt for fjellandbruket i kommunane Fyresdal, Tokke, Seljord, Vinje, Hjartdal og Tinn.

Kven kan søkje:

  • Organisasjonar, institusjonar, kommunar og ymse samarbeidsorgan som har til føremål å utvikle landbruk og landbruksbasera næringar i fjellområda.

Statsforvaltaren vil byggje vidare på erfaringane frå fjellandbrukssatsinga i perioden 2014 – 2016, og legg til grunn ei målsetting om å styrkje grunnlaget for bærekraftig verdiskaping i fjellområda innafor tradisjonelt landbruk, seterbruk og bygdenæringar. Tilskotet skal stimulere til auka utvikling og bruk av landbruket sine ressursar i fjellområda. Innafor det tradisjonelle landbruket kan tema vera agronomi, tilpassing til framtidas klima, bruk av utmarksbeite og utfordringar som er knytt til dette, seterdrift, birøkt og rekruttering. For tilleggsnæringar kan dette vera utvikling av lokalmatprodukt, marknadsføring og distribusjon av lokalmat, verdiskaping i høve til jakt- og fiskeressursar, utleige av hytter og bruk av setrar og seterkultur som grunnlag for aktivitet.

Det er ei målsetjing at prosjekta gjev konkret resultat som auka verdiskaping, aktivitet og rekruttering. Det er ynskjeleg med tiltak på tvers av kommunane.

Vedlagt ligg ei oversikt over prosjekt/tiltak som i 2019 og 2020 som fekk tilskot frå fjellandbruksmidlane. Nokre av prosjekta/tiltaka vil halde fram over fleire år. Statsforvaltaren vi prioritere søknadar som er i tråd med desse føringane. Det kan gjevast tilskot med inntil 75 % av dei totale prosjektkostnadane. Eigen finansiering (eigeninnsats, eigne midlar ol.) må utgjere minst 25 % av finansieringsplanen.

Søknad om fjellandbruksmidlar skal leverast elektronisk, på eige søknadsskjema saman med prosjektutgreiing slik det står i søknadsskjemaet. Søknaden sendast til: sfvtpost@statsforvalteren.no

Søknadsfrist: 31.03.2021

Søknadsskjema, sjå lenker

Kontaktperson:

Kari Mette Holm, Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark.

Tlf 33 37 23 67/997 44 206.

E-post fmvekmh@statsforvalteren.no