Erfaringar med økt satsing på grøntsektoren i Vestfold og Telemark

Framtidsproduksjon av jordbær med tabletopp. Foto: Ingunn Haldorsen Sømme
Framtidsproduksjon av jordbær med tabletopp. Foto: Ingunn Haldorsen Sømme

Den nasjonale satsinga på grøntsektoren i 2019 blei teke godt i mot i Vestfold og Telemark. Vi har sett stor interesse og søknadspågang for tilskot til å vidareutvikle grøntproduksjonane i fylket.

Publisert 27.01.2021

I jordbruksoppgjeret i 2019 ble dei samde om at det skulle etablerast ein særskilt satsing på grøntsektoren med mål om å auke norskandelen, og møte etterspurnaden med mest mogleg norskprodusera vare. Ein del av satsinga var å øyremerke 65. mill. kroner til investeringar i grøntsektoren over investerings- og bedriftsutviklingsordninga (IBU) hos Innovasjon Noreg. I tillegg skulle 9 mill. kroner over same ordning øyremerkast produsentar som ønsker å etablere småskalaproduksjon av grønsaker, frukt og bær. Ved utgangen av 2020 er det ei god dreiing mot fleire innvilga saker på grønt og ein nedgang på både svin og storfe i vår region. Vestfold og Telemark er eit fylke basera på mangfald, og det er viktig med rett produksjon på rett areal. I dag kjem 25% av grønsakene frå Vestfold og kvart 4. eple kommer frå Telemark med utgangpunkt i norsk produksjon.

Dei innvilga sakene på grønt har fortrinnsvis gått til nyplantingar og fornying av frukthagar og tradisjonelle prosjekt på grønsaker som lagerbygg; både nybygg og fornying.  I 2018 ble det tydeleg at eit velfungerande vatningsanlegg var naudsynt. Dette har resultert i større fokus på vatningsanlegg, og det forventast fleire prosjekt innan oppgradering og vedlikehald.

Det er fleire gode eksempel på initiativ som viser at næringa tar signal om auka satsing på grøntproduksjon. Eit av dei er samarbeidet mellom Telefrukt AS, Telemark produsentlag og Coop Norge SA. Dei har starta prosjektet «Norsk eple i utvida sesong». Telefrukt har investert i eit nytt ULO-lager (Ultra low oksygen) og kan nå lagre eple av god kvalitet. Planen er norsk frukt i butikk til 1. mars. Allereie i første sesong ser vi at det er auka etterspurnad også frå andre aktørar.

Grøntproduksjonen skil seg frå resten av landbruket ved at den er marknadsretta og må ta omsyn til prisen i marknaden. Dei er utsette for ein betydeleg konkurranse frå import, og importprisane er i mange tilfelle retningsgjevande for prisene i den norske marknaden. Leveringsavtala som produsentane gjer med salsleddet, gjev kjedene ein kjøpsrett, men ikkje ein kjøpeplikt. Dette kan oppfattast som lite framtidsretta og produsentane blir ofte meir opptatt av effektivisering framfor innovasjon. Det skal i denne samanhengen nemnast at i Vestfold og Telemark er det fleire innovative og framtidsretta grøntprodusentar som ligger i front når det gjelder innovasjon av både nye produksjonsmåtar og nye produkt. Poteter i konkurranse med Amadine poteter, søtpoteter, sukkerertproduksjon og nye produksjonsmetodar i både jordbær og bringebær er nytenkingar som bør nemnast. Grøntprodusentar i vår region er kjent for å vere tett på utlandet og ta med seg trendar heim for å prøve ut i norsk målestokk. I tillegg har fleire tatt tak i jordhelse for å auke kvaliteten på både planter og jord, sidan god jordhelse er ei forutsetning for friske planter.

I dialog med Innovasjon Norge Vestfold og Telemark er tilbakemeldingane at ordninga har truffe best på dei veletablera produsentane. Midlane har ikkje det første året stimulert til nyetableringar og nysatsingar som var ønskeleg i Vestfold og Telemark. Eit unntak er enkelte nyplantingar i fruktmiljøet i Telemark. Ei utfordring er at det oppfattast som vanskeleg som ny produsent å kome inn i marknaden og få leveringsavtale med dei større aktørane. Likevel er det ingen tvil om at satsinga har vore til hjelp for auka fokus på grøntbransjen.

I 2020 var det nasjonalt sett av 9 millionar kroner til småskalaproduksjon, og delar av den potten blei også innvilga i Vestfold og Telemark. Grøntutvalets rapport «Grøntsektoren mot 2035» peika på at skal ein nå dei politiske ambisjonane om auka vekst i grøntbransjen, er det naudsynt å forskyve tyngdepunktet frå produktivitetsforbetringar til utvikling av norsk kvalitet og særpreg. Ei løysing på dette kan vere satsingar på marknadshagar og andelslandbruk. Det blei i 2020 innvilga støtte til fleire marknadshagar i vår region, også i dei meir marginale områda i Telemark.  Marknadshagar kan utfordre den tradisjonelle marknaden ved å produsere meir utradisjonelle produkt og nye sorter, og i tillegg prøve ut produksjon på stader det ikkje har vore tradisjon for grøntproduksjon. Marknadshagar og andelslandbruk er tett på den lokale marknaden og i direkte kontakt med kunden. Dei snur seg lett etter kva marknaden etterspør, og er i dialog med kunden. Småskalaproduksjonar kan vere med på å bevare gamle kulturplanter, og få fram det særeigne norske, som på sikt kan styrke vår konkurransekraft mot import. Salet frå REKO-ringer og gardsutsal er aukande og spesielt i koronaåret har forbrukarane sett nytten av å ha meir direkte kontakt med produsentane.

I 2020 har det også blitt gitt støtte til prosjekter innan spiselege blomar, økologisk frukt og pyntegrønt i vår region. Dette er prosjekt i mindre skala, men som kan vere med på å bygge arbeidsplasser som er gode ambassadørar for det norske landbruket.

2020 har vore eit spesielt år, med mindre grensehandel, noko som har gitt auka merksemd på norske produkt. Kva som skjer når grensa opnast att er uvisst, da blir det viktig for næringa å halde denne marknadsandelen. Satsinga på grøntnæringa som kom under jordbruksoppgjeret 2019 er bra, og det blir spanande å sjå fortsettinga. Kanskje vil vi sjå både meir nyetableringar på utradisjonelle produkt og ungdommeleg satsing i tida framover. Dette er eit viktige arbeidsområde for landbruksavdelinga hos Statsforvaltaren å støtte opp om, og vi ønsker å være tett på denne næringen og hjelpe der det er trong.