Driveplikt

Åker. Foto: Statsforvaltaren i Vestfold i Telemark

Det er driveplikt på alt jordbruksareal. Samfunnet treng at jorda drivast over heile landet.

På denne sida kan du lese om:

Jorda er ein avgrensa ressurs

Driveplikta er personleg og varig

Viktige grunnar til å ta vare på matjorda

Statsforvaltaren si satsing på Areal ute av drift


Jorda er ein avgrensa ressurs

Dyrka jord er ein grunnleggande, men avgrensa ressurs. Jorda er grunnlaget for matproduksjon og ein viktig del av kulturlandskapet. Eigaren av jordbruksareal har eit viktig forvaltaransvar i denne samanhengen. Tilgang på nok areal i nærleiken av garden sitt driftsenter er viktig for bonden sin økonomi, og gjev grunnlag for å drive eit lønsamt landbruk.

Jordvern inneber å sikre at den beste jorda framleis vert bruka til å dyrke mat, og ikkje verte omdisponert til andre føremål.

I nasjonal jordvernstrategi har Stortinget fastsett eit mål om at den årlege omdisponeringa av dyrka jord må vere under 4000 daa.


Driveplikta er personleg og varig

Jordbruksareal er fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite. Dersom eigedomen har slike areal, er det driveplikt på jorda, uansett kor stort arealet er. Driveplikta kan oppfyllast ved at ein driv jorda sjølv eller at du leiger bort arealet som tilleggsjord til ein annan landbrukseigedom.

Statsforvalteren i Troms og Finnmark har hatt fokus på driveplikta gjennom eit prosjekt. Sjå her.

Følgande vilkår gjeld om du vel å leige bort:

  • Avtala må gjelde for minst 10 år om gongen
  • Avtala må vere skrifteleg
  • Avtala må føre til driftsmessige gode løysningar
  • Leigeavtala må sendast til kommunen

Søknad om fritak

Kan du ikkje drive jorda sjølv eller får du ikkje leige ut jorda, må du søkje kommunen om fritak for driveplikta. Kommunen kan gje fritak for ei viss tid eller eit tidsrom. Det kan og stillast vilkår for fritaket. Kommunen legg mellom anna vekt på arealet sin storleik og moglegheit for avkasting, og om det er bruk for jordbruksarealet som leigejord i det området eigedomen ligg.


Viktige grunnar til å ta vare på matjorda

Opent kulturlandskap

Aktiv landbruksdrift produserer og held ved like verdifulle kulturlandskap. Lange historiske liner og tilpassa produksjonsmetodar tek vare på kulturminne og naturmangfald. Jordbrukets kulturlandskap er og viktig for identitet og for Noreg som reisemål.

Levande bygder

Sterke fagmiljø lokalt er ein føresetnad for vidare utvikling av norsk landbruk. I distrikta er ofte bøndane og familiane uerstattelege for å halde bulyst og oppvekstmiljø i bygda aktivt. 

Enklare kvardag og betre økonomi for bonden

Mange bønder er nøydt til å køyre langt unna driftssenteret på garden for å få tak i nok fôr, medan det kanskje finnast areal i nærleiken. Der mindre gardsbruk ikkje kan drivast er den dyrka marka ein ressurs som leigejord for gardsbruk som drivast i nærleiken.

Matvaretryggleik

Dersom ein skal kunne auke sjølvberginga av mat, må ein ta vare på det jordbruksarealet ein har. Vi har eit land med ulikt klima, og vi har prognoser som syner større variasjonar i klima i tida framover. Ved å halde jorda i hevd over heile landet, er det større sjanse for at ein kan hjelpe kvarandre i kriseår.


Satsing på areal ute av drift

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark har ei satsing på areal ute av drift. Målet er å auke kunnskap om areala og følge opp driveplikta. Meir om satsinga kan du sjå her.

Jordbruksareal

Jordbruksareal i prosent av landareal:

Norge 3 %

Sverige 7 %

Finland 8 %

Danmark 62 %

Storbritania 71 %

Kjelde: Verdensbanken

 

Vestfold og Telemark har 717 336 dekar jordbruksareal.

Dette utgjer omlag 4,1 prosent av fylket sitt landareal.

I 2019 vart det drift på 639 752 daa.

Om lag 11 % var ute av drift.

Kjelde: NIBIO