Jordvernpris 2021
Vi ber om forslag til kandidatar frå Vestfold og Telemark til nasjonal jordvernpris for 2021. Frist er 25. mars.
Jordvernprisen er eit tiltak for å styrke jordvernet. Prisen skal gje auka merksemd om jordvernet, og få fram gode eksempel på tiltak, planar og strategiar for å take vare på dyrka mark. Prisen skal delast ut til ein kommune eller fylkeskommune, eventuelt i samarbeid med andre aktørar innan offentleg politikk, forvalting, næringsliv eller andre organisasjonar. Sjå lenke hjå regjeringa
Vi vil særleg legge vekt på:
- Aktive planar og prosjekt kor FN sine berekraftmål er lagt til grunn og innarbeida med konkrete mål for jordvernet
samt
- Konkrete, oppnådde resultat
- Ambisiøse, planlagde tiltak
- Gode informasjonsprosjekt
- Nyskapande prosjekter og verktøy for jordvern
- Integrering av jordvernomsyn i ulike prosessar
- Andre høve som tilseier at jordvern blir prioritert høgt
Prisen delast ut kvart annan år til kommune eller fylkeskommune, i år er det tredje gong den delast ut. Kommunar eller fylkeskommune har høve til å fremje seg sjølv. Juryen vil bli leia av landbruks- og matministeren, og vinnaren vil få ein diplom og merksemd.
Forslag til kandidatar sendast: sfvtpost@statsforvalteren.no