Grøntnæringa er avhengig av kompetent arbeidskraft

Foto: Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark
Foto: Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark

Utanlandske sesongarbeidarar har delteke i frukt- og grøntnæringa i Noreg i meir enn 35 år. Sesongarbeidarane kjem tilbake til same arbeidsgivar år etter år, og næringa har vorte avhengig av deira kompetanse.

Publisert 25.03.2021

Det er fleire årsaker til at utanlandske sesongarbeidarar er viktige for norsk landbruk. Interessa for å arbeide i norsk primærnæring har vorte redusert dei førre generasjonar. Samstundes er dagens landbruksproduksjon modernisert og spesialisert. Det krev relevant kompetanse. Det er mange erfaringar frå 2020-sesongen der produsentar har engasjert uerfaren arbeidskraft. Det viste seg på fleire måtar å vere vanskeleg å lukkast med dette. Profesjonell norsk frukt, bær og grønsaksproduksjon er spesialisert og avansert. Å byggje ein god arbeidskultur i ei bedrift tek mange år. Skritt for skritt finn ein medarbeidarar som passar inn og som har evne til å lære. Omsynet til helse, miljø og sikkerheit (HMS) er særs viktig og krev grundig opplæring i bedrifta.

Det har vore låg rekruttering til gartnerfaga i fleire ti år. Det er ønskjeleg med fleire norske ungdommar inn i næringa. Fleire initiativ er etablerte for å auka rekrutteringa. Det er mange spennande arbeidsplassar i tida framover. I ei næring med stort potensial – både teknologisk, miljø – og marknadsmessig. Men det tek tid å endra ei langsiktig trend.

Over lang tid har produktprisane i landbruket vore pressa. I 1975 var prisen for 1 kg hovudkål ca 5 kr (justert for inflasjon svarar dette til ca 30 kr i 2020). I 2020 var oppgjersprisen for hovudkål 8,25 kr per kilo. Gjennom desse åra har alle innsatsfaktorane vorte dyrare. Innhaustinga går framleis manuelt, slik som i 1975, og er ein av dei viktigaste årsakene til at lønnstariffar i landbruket framleis er låge. Resultatet av dette har gjeve arbeidsimmigrasjon.

Innreiserestriksjonane til Noreg under pandemien har gjort det utfordrande å sikre tilgang på utanlandske sesongarbeidarar til landbruket. Det jobbast med å sette i verk ei offentleg dokumentasjonsordning for grøntnæringa ved trong for utanlandsk arbeidskraft for å kvalitetssikre og lette innreise for aktuelle arbeidarar. Unntak frå innreiserestriksjonane til Noreg skal praktiserast strengt på grunn av stort smittepress, og dette påverkar tilgangen til utanlandsk arbeidskraft.

Den norske frukt-, bær- og grøntnæringa er viktig. Næringa representerar 12,5 % av verdiskapinga i norsk landbruk. Overføringa frå Staten er om lag 2,9 % av jordbruksavtala.

I 2020 ble rapporten om Grøntsektoren mot 2035 lagt fram (utvalet vart nedsett i jordbruksavtalen i 2019 av Landbruks - og matminister Olaug Bollestad). Rapporten viser eit vekstpotensial for næringa på 75 %. Utviklinga av teknologi, kunnskap og potensiale for omstilling i ein meir berekraftig retning gjev næringa spennande framtidsutsikter.

Kontaktpersoner