Hald av 16. og 17. september!

Du har vel hugsa å sette av tid til kommunesamlinga i haust? Tysdag 16. til onsdag 17. september vert det samling for landbruksforvaltinga i Vestfold og Telemark. Påmeldingsside og foreløpig program vert publisert neste veke.

Publisert 03.07.2025

Stad

Samlinga vil finne stad med utgangspunkt Comfort hotell Porsgrunn, med oppmøte kl. 09:00 tysdag. Dag 1 skal vi på utferd heile dagen, fyrst ved Børsesjø i Skien og deretter ein rundtur i Lardal og Siljan, før det vert middag på hotellet om kvelden. Dag 2 vert inne på hotellet.

Program

Programmet nærmar seg klart og foreløpig program vert lagt ut neste veke.

Vatnforvalting, klimatilpassa skogforvalting og viltforvalting vil vere tema på dag 1. Dag 2 skal vi høyre om bruk av kunstig intelligens i arbeidskvardagen, arbeidet med nye landbruksstrategiar i våre to fylke, næringsutvikling og ny IBU-forskrift. I tillegg skal vi få innspel frå næringsorganisasjonane om kva som opptar dei i vår region.

Kostnad

Vi jobbar for å få til ei rimeleg samling som alle aktuelle personar i kommunane skal ha moglegheit til å vere med på. Foreløpig ser det ut til at vi klarer å halde oss innanfor ein kostnad på 3 300 kr per deltakar for heile samlinga.

Påmelding

Side med påmeldingslenke vert lagt ut på sida for Kurs og konferansar i neste veke, veke 28. Då vil òg endeleg kostnad for samlinga vere kjend.

 

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.