Hald av 16. og 17. september!
Du har vel hugsa å sette av tid til kommunesamlinga i haust? Tysdag 16. til onsdag 17. september vert det samling for landbruksforvaltinga i Vestfold og Telemark. Påmeldingsside og foreløpig program vert publisert neste veke.
Stad
Samlinga vil finne stad med utgangspunkt Comfort hotell Porsgrunn, med oppmøte kl. 09:00 tysdag. Dag 1 skal vi på utferd heile dagen, fyrst ved Børsesjø i Skien og deretter ein rundtur i Lardal og Siljan, før det vert middag på hotellet om kvelden. Dag 2 vert inne på hotellet.
Program
Programmet nærmar seg klart og foreløpig program vert lagt ut neste veke.
Vatnforvalting, klimatilpassa skogforvalting og viltforvalting vil vere tema på dag 1. Dag 2 skal vi høyre om bruk av kunstig intelligens i arbeidskvardagen, arbeidet med nye landbruksstrategiar i våre to fylke, næringsutvikling og ny IBU-forskrift. I tillegg skal vi få innspel frå næringsorganisasjonane om kva som opptar dei i vår region.
Kostnad
Vi jobbar for å få til ei rimeleg samling som alle aktuelle personar i kommunane skal ha moglegheit til å vere med på. Foreløpig ser det ut til at vi klarer å halde oss innanfor ein kostnad på 3 300 kr per deltakar for heile samlinga.
Påmelding
Side med påmeldingslenke vert lagt ut på sida for Kurs og konferansar i neste veke, veke 28. Då vil òg endeleg kostnad for samlinga vere kjend.