Studietur om turvegar på nedlagte jernbanar

Når jernbanen endrar seg og leggjer ned togspor ligg det att solide samferdselsanlegg gjennom ofte små stadar og spanande natur. Korleis kan samfunnet best nytta slike tidlegare store investeringer?

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 29.11.2018, Sist endret 02.11.2021

Fylkesgruppa for sentrumsnære turvegar med universell utforming inviterer til studietur 4. - 6. september om dette temaet til Klaraelvbanan i Sverige. Her har 180 km tidlegare jernbane blitt turveg frå Karlstad og nordover.

Se invitasjon til studietur til høgre i artikkelen.

Video om ny turveg på gamle Kragerøbanen

På Neslandsvatn i Drangedal har kommunen og velforeninga, med god støtte frå vegvesenet, Telemark fylke sitt trafikksikringsutval og Miljødirektoratet, fått laga ein flott gang- og sykkelveg på det gamle togsporet. Denne blei åpna i november 2017 og vert forlenga denne sumaren.  

KS – Kommunesektorens organisasjon – har laga ein flott video om den nye turvegen, som opnar for god utvikling av møtestadar, trygg ferdsel og mosjon på knutepunktet Neslandsvatn.

Sjå video: https://www.youtube.com/watch?v=dFaiCCOaiuk , samt vedlagte reportasje i det nye heftet «Viser vei til et samfunn for alle – gode eksempler på universell utforming i norske kommuner og fylkeskommuner».

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.