Fyresdal opna park i særklasse

Fredag 5. mai var det offisiell opning av Hamaren Aktivitetpark i Fyresdal sentrum i Vest-Telemark. Ei storslått markering på folkeleg vis. Og «Førsdølingane» har god grunn til å være stolte. For dette er praktisk og flott! Denne parken gjer friluftsliv og sosiale møtestadar tilgjengeleg for alle.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 29.11.2018, Sist endret 02.11.2021

Hamaren Aktivitetspark har vore ei storsatsing for Fyresdal kommune og bygda med drøye 1300 innbyggjarar. Det tiltalande naturområdet på nær 300 mål er no sikra for friluftsliv i fleire generasjonar framover.

Møte mellom generasjonar er også eit av stikkorda for Hamaren. Tett inntil den universelt utforma turvegen, som i 2 km omkransar flott furuskog og ein spanande berghammar, ligg både sjukeheimen, barnehagen og skulen. Fleire boligar og verksemder ligg berre steinkast unna. Her er det snakk om nærfriluftsliv, i ein kommune som har nesten ein kvadratkilometer areal pr. innbyggjar.

Benkar og bord er satt ut med grei avstand. Eit stort utekjøkken med tak, grillhytter, bålplassar, brygge, sykkelløype, badeplassar og fleire småanlegg skal lokke folk ut. Og ikkje minst den storslåtte naturen med utsyn over det milelange Fyresvatnet. Med fjell og hei i horisonten, bak skogkledde åsar og spredte gardsbruk.

Sjølvsagt må det og nemnast at om ein ser andre vegen, ligg butikkar og kafear ein kort spasertur unna. Natur og sentrum går saman i Fyresdal.

Hamaren Aktivitetspark er det største av fleire tiltak i bulystprosjektet «Heim = Fyresdal». Fyresdøler som har flytta ut skal lokkast heim til bygda. Og dei som bor her skal trivast betre med gode nærområde. Turistar kan og finne meining i eit besøk.

Fyresdal kommune er ansvarleg for prosjektet, der svært mange har medverka sidan 2012. Dristige idear, god planleggjing, prosess over fleire år, god forankring og leiing, mykje ekstern finansiering, friviljug innsats og høg anleggskompetanse er nokre av suksessfaktorane.

Totalt har Aktivitetsparken kosta ca 3,5 millionar kroner. Miljødirektoratet har gitt tilskott til statleg sikring som friluftsområde, og Kommunal- og moderniseringsdepartementet har bevilga store summar til stadsutvikling og bulystprosjektet, i nært samarbeid med Telemark fylkeskommune. Vidare er spelemidler (Norsk Tipping) viktige for å betale turvegen og anlegg i furuskogen. Eit tilskot er også gjeve frå Telemarksprosjektet «Sentrumsnære turvegar med universell utforming».

Før ordfører Erik Skjervagen opna anlegget og avduka ein fin bauta tidleg på fredagskvelden for over 400 sambygdingar, var ca 60 personar samla til eit dagsseminar i Næringshagen inntil løypa. Der var tema attraktivitet, nærfriluftsliv og universell utforming. Fylkeslegen var med på seminaret og opninga, og var imponert over anlegget som utan tvil er særs bra for livskvalitet og folkehelse.

Vi anbefaler alle å ta ein tur til Fyresdal!

Fjellbrua med Miljødirektoratets representanter

 Fjellbrua med representantar frå Miljødirektoratet

Åpning 5. mai, avdekking av bauta

Opning av Hamaren, avdekking av bauta. T.v. prosjektleiarane Monica Sølyst og Aslak Momrak Haugan samt ordfører Erik Skjervagen

Kjøkken og servering ute i turstien

 Kjøkken og servering ute i turstien

Konsert på Hamarenfjellet

 Konsert på Hamarenfjellet

Ordfører Skjervagen avdekker bauta

 Ordfører Skjervagen avdekker bauta

Folkehelserådgiver Roger Jensen (t.h.) fra Fylkesmannen har fått blomster for medvirkning

Folkehelserådgjevar Roger Jensen (t.h.) frå Fylkesmannen leda seminaret før opninga og fekk blomster som takk

Universelt utformet tursti langs Fyresvann

 Universelt utforma tursti langs Fyresvatn

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.