Evjudalen i Bø – ein grøn og tilgjengeleg sentrumspark

Bø kommune satsar på utvekling av sentrum, mellom anna med betre tilhøve for gåande og syklistar. Universelt utforma turvegar er viktig for å nå alle innbyggjarane.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 29.11.2018, Sist endret 25.01.2023

Onsdag 8. juni var det temadag i Bø om turvegar med universell utforming. Hei 45 deltakarer frå 14 av fylkets 18 kommunar fekk høyre om satsinga på turvegar, både her i Bø og i resten av fylket. Mange eldreråd og råd for personar med redusert funksjonsevne var representert.

Arrangør var Fylkesmannen i Telemark, i samarbeid med fylkeskommunen, Statens vegvesen og Bø kommune. I Telemark har dei nettopp avslutta eit fireårig prosjekt, der målet var å stimulere kommunane til å planleggje og byggje sentrumsnære turvegar med universell utforming. Turvegane har samanhang mellom anna med folkehelse, stadsutvekling, friluftsliv, trafikk og fleire andre omsyn.

Evjudalen ligger svært sentralt i Bø. Eit dalføre der to små vassdrag møtast, og som nå er utvikla til ein stor og innbydande grøn park. Med turvegar som er universelt utforma, leikeplassar, benkar, treningsapparat, grassplen og andre sosiale møteplassar.

Bø fått sine flotte promenadar, som også gjer avstandar mindre i dagleglivet til Bøheringane. Unge og vaksne kan sykle og gå tryggare når dei skal ut.

Det blir spanande å fylgje den vidare utveklinga i Bø, samstundes som også andre kommunar no jobbar med sentrumsnære turvegar som alle kan nytte og ha glede av.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.