Beitelagssamling mai 2019

Dato:
20. mai 2019 11:00 - 21. mai 2019 14:00
Stad:
Bryne kro og hotell
Arrangør:
Fylkesmannen i Rogaland
Målgruppe:
Beitelaga i Rogaland

Det er tid for ny beitelagssamling. Tema som blir tatt opp er mellom anna: Korleis bruke beitelagsmidlane best mogleg? Føring av rekneskap, dyrehelseforskrifta, merking av dyr, tilsyn i beitesesongen, ettersanking og samarbeid i "tomme område".   

Publisert 08.03.2019

Programmet for samlinga finn de vedlagt. Mellom anna kjem Dag Idar Jøsang frå Norsk Landbruk og fortel om sporing og teknisk utvikling. Heiasjef Karl Martin Matningsdal tek opp diskusjonen omkring merking, og kvifor det er viktig å modernisere merkinga. Frå Mattilsynet kjem Arvid Reisersen og informerer om dei nye krava i dyrehelseforskrifta som har betyding for flytting av dyr. Som vanleg er det sett av tid slik at slakteria får informere om siste nytt.

Samlinga finn stad på Bryne kro og hotell, og vi har fått følgjande prisar:

  • Pris per person i enkeltrom er kr 2296,-
  • Pris per person i dobbeltrom er kr 1995,-
  • Dagpakke, to dagar og middag på kvelden er kr 1450,- for begge dagar
  • Dagpakke utan middag er kr 925,- per dag 

Meld deg på ved å fylle ut skjemaet. Du vil i etterkant få ein e-post som stadfester påmeldinga. Du betalar for samlinga direkte til hotellet.

Dato:
20. mai 2019 11:00 - 21. mai 2019 14:00
Stad:
Bryne kro og hotell
Arrangør:
Fylkesmannen i Rogaland
Målgruppe:
Beitelaga i Rogaland