Endra driftsløyve til leirdueskytebane Sætra

Høyringsfrist:
21. april 2017

Lund Jeger- og Fiskerforening har søkt Fylkesmannen om endring av foreningens løyve etter forureiningslova for Skytebanen på Sætra, eigedomen 44/1 Lund kommune.

Publisert 10.03.2017

I løyve datert 1.3.1999 er bruk av skytebanen avgrensa til ein kvardag i veka frå og med april til og med september. I tillegg kan banen nyttast to helger i samme periode.

LJFF ber om at løyve vert endra til å omfatte følgande vilkår:

  • Skyting kan finne stad 3 kvardager per veke samt alle laurdagar frå og med april til og med september
  • 4 skytestemne på sundagar i samme periode
  • Ikkje skyting på offentlege høgtidsdagar
  • Maksimalt 30.000 skot årleg
  • Det skal kun verte nytta ammunisjon med stålhagl

Fylkesmannen vil ved fastsetjing av støygrenser vurdere å legge til grunn dei føringar som framgår av «Retningslinje for behandling av støy i arealplanlegging (T-1442/2016) frå Klima- og Miljødepartementet, sjå nettsidene til Regjeringen.no

Frist for uttale er sett til fredag 21. april 2017. Saksdokumenta er lagt ut til offentleg gjennomsyn i lenka i høgremargen.

Eventuell uttale kan sendast på e-post til fmropost@fylkesmannen.no eller som brev til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger.