Fast avløysar som fylkesberedskapssjef

Anne Catherine Fasmer Eide tek over rolla som avløysar for fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand frå 14. april, medan Mari Severinsen er i permisjon. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 06.04.2021

Den som er fast avløysar («stedfortreder») for fylkesberedskapssjefen fungerer som stabssjef i kriseorganisasjonen til Statsforvaltaren når Haavard Stensvand har ferie eller har andre fråvær, men òg når tenestereiser og andre forhold gjer det mest praktisk.       

Under covid-19-pandemien er Statsforvaltaren si koordineringsrolle ved beredskapshendingar vorte meir synleg enn nokon gong. Ein føresetnad for god handtering av uønskte hendingar er at vi har ein beredskapsorganisasjon med klart definerte roller, og som er minst mogleg sårbar t.d. ved feriar og andre fråvær. Vi er opptekne av å ha ein synleg kriseorganisasjon, og at det er godt kjent kven som til ei kvar tid er stabssjef.

I beredskapssituasjonar må Statsforvaltaren vere i stand til å ivareta det ansvaret og dei oppgåvene vi har, uavhengig av om det er i kontortida eller ikkje. Dei tilsette ved beredskapsseksjonen går i ei vaktordning som er tilgjengeleg 24/7. I mange tilfelle er det nødvendig at vakta involverer fylkesberedskapssjefen i handteringa av spørsmål og problemstillingar. Under pandemien har det til dømes vore mange møte med kommunane både på kveldar og i helgar, for å drøfte handtering av utbrot og iverksetjing av smitteverntiltak.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.