Årleg samling for fylkesberedskapsrådet

Bilete av fleire titals mennenske som sit i eit stort møterom og lyttar til statsforvaltar Liv Signe Navarsete.
Statsforvaltar Liv Signe Navarsete opnar samlinga for fylkesberedskapsrådet i Vestland Foto: Anne Eide / Statsforvaltaren i Vestland.

Totalforsvaret, krigen i Ukraina, atomberedskap, flaum og tunnelstenging var blant temaa då fylkesberedskapsrådet i Vestland nyleg var fysisk samla for første gong etter pandemien.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 05.12.2022

Statsforvaltar Liv Signe Navarsete opna møtet, og snakka m.a. om totalforsvaret. Ho er medlem i forsvarskommisjonen, som ser på den samla motstandskrafta i samfunnet og samspelet mellom Forsvaret og det sivile samfunnet.

Utbetring av Lærdalstunnelen har fått mykje merksemd i seinare tid. Ei stenging vil gi store konsekvensar både lokalt, regionalt og nasjonalt. Henny Kristin Asperanden Navarsete frå Statens vegvesen orienterte om oppgraderinga. Vegvesenet held på med eit utgreiingsarbeid for å finne ei løysing som samla gjev minst ulempe.

I diskusjonen vart det m.a. peikt på utfordringar for spesialisthelsetenestene og pendlarar.

Jan Flore i NVE orienterte om flaumhendingane 11. -13. november. Ei rekkje elver var på raudt flaumnivå. Voss herad fekk dei største skadane.

Anne Eide
             Bilete: Hans Petter Midttun (foto: Anne Eide/SFVL)


Hans Petter Midttun er tidlegare norsk forsvarsattaché i Ukraina, og var invitert for å gi sine vurderingar av situasjonen der. Han presenterte eit historisk bakteppe for krigen, og skildra den militære situasjonen og den humanitære krisa som landet opplever no.

Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand orienterte om CBRNE-beredskap. Statsforvaltaren har som eit av sine oppdrag å legge til rette for å styrke dette arbeidet, gjennom å jamleg setje temaet på dagsorden og å ha dialog med relevante aktørar.

Anne Eide

       Bilete: fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand (foto: Anne Eide/SFVL)

Stensvand orienterte deretter om arbeidet med risiko- og sårbarheitsanalysen for Vestland fylke (fylkesROS). Forankring i fylkesberedskapsrådet og ei felles forståing av utfordringsbildet, er viktig for både analysen og oppfølgingsplanen.

Atle Isaksen, KDS i Sogn og Fjordane, orienterte om situasjonen i kraftmarknaden. Den auka magasinfyllinga gjer at risikoen for rasjonering til våren er vorten endå mindre.

Mari Severinsen orienterte om arbeidet Statsforvaltaren gjer for å samordne prioriteringslister frå kommunane og andre aktørar med ansvar for samfunnskritiske tenester, i tilfelle ei rasjonering. Ein del problemstillingar må løftast til nasjonalt nivå, m.a. prioritering av ekom, transportinfrastruktur og matproduksjon.

Andre dag av samlinga var på Haakonsvern orlogsstasjon, der heile møtet vart gjennomført på gradert nivå.

Statsforvaltaren, politidistrikta og HV-distrikta orienterte om situasjonen, m.a. om droneaktivitet og vakt- og sikringsoppdraget ved gassanlegga på Kollsnes og Mongstad.

KDS i Hordaland og Sogn og Fjordane orienterte om arbeid med beredskapsplanlegging i kraftforsyninga. Statsforvaltaren oppsummerte eit nyleg møte med ekom-tilbydarane om same tema.

Distriktsredaktør Dyveke Buanes i NRK Vestland innleidde om temaet krisekommunikasjon. Ho peikte på kor viktig open og ærleg informasjon er, for å unngå spekulasjonar og for å bevare tillit mellom folk og styresmakter i eit demokrati.

Statsforvaltaren orienterte om arbeidet med eit gradert vedlegg til fylkesROS. Oppdraget er å sjå på korleis fylket kan handtere konsekvensane av ei tryggleikspolitisk krise (basert på eit scenario utarbeidd av DSB). Analysen tek utgangspunkt i Nato sine sju grunnleggande forventningane til motstandsevne i medlemslanda; kontinuitet i styringsevne, sikker energiforsyning, evne til å handtere migrasjon, robust forsyning av mat og drikkevatn, evne til å handtere masseskade, robuste kommunikasjonssystem og robuste transportsystem.

Liv Signe Navarsete avslutta møtet med å snakke om utviklinga av totalforsvaret og kva det betyr for oss.

Referat frå møtet finn du her og vedlagt artikkelen. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.