Krisehandtering og samordning

Oppdatert 08.04.2024

Ansvarsprinsippet inneber at den instansen som er ansvarleg for eit område i ein normalsituasjon, også har ansvaret ved ekstraordinære hendingar og kriser. Nærleiksprinsippet inneber at kriser skal handterast på lågast mogleg nivå.

Statsforvaltaren kan samordne innsatsen

Ved større kriser og katastrofar er det ofte fleire instansar som er involverte i krisehandteringa. I slike situasjonar kan Statsforvaltaren samordne innsatsen. Dersom det blir aktuelt å setje i verk ei slik regional samordning, skal det opprettast kontakt mellom Statsforvaltaren og dei aktuelle etatane. Her kan fylkesberedskapsrådet vere eit viktig forum.

Alle fylke skal ha eit fylkesberedskapsråd

Fylkesberedskapsrådet er sett saman av leiarar av offentlege beredskapsetatar, kommunar, næringsliv og frivillige organisasjonar. Rådet er eit forum for gjensidig orientering om beredskapsarbeid, og i ein krisesituasjon vil rådet vere eit sentralt samarbeids- og støtteorgan for Statsforvaltaren.

Ved krig har Statsforvaltaren mynde til å ta hand om viktige samfunnsinteresser dersom kommunikasjonen med regjeringa blir broten.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 28.02.2020, Sist endra 07.12.2020

Møte i fylkesberedskapsrådet

Her følgjer referat frå møta der fylkesberedskapsrådet diskuterer koronaberedskap. 


Publisert 25.10.2019

Evaluering av handteringa av smitteutbrotet på Askøy

Fredag 6. september arrangerte Fylkesmannen, i samarbeid med Askøy kommune, evalueringsmøte for handteringa av smitteutbrotet i sommar. Hovudtema var å sjå på samhandlinga og samvirket mellom dei mest sentrale aktørane.


Publisert 07.10.2019

Evaluering av hendingane etter uvêret 30. juli

Tysdag 3. september var ei rekkje beredskapsaktørar samla på Skei for å evaluere handteringa av hendingane 30. juli. No er referatet frå møtet klart.


Publisert 09.08.2019

Samfunnstryggleiksministeren på besøk i Jølster

Samfunnstryggleiksminister Ingvil Smines Tybring-Gjedde var onsdag 7. august i Jølster for å sjå skredområda og for å snakke med innsatspersonell og innbyggjarar som vart råka av skreda.


Publisert 13.05.2019

Årleg samling i fylkesberedskapsrådet 2019

Det nye fylkesberedskapsrådet i Vestland var samla til si første årlege samling i Førde 10. og 11. april 2019.


Publisert 30.04.2019

Evaluering av samvirke ved brann i Gudvangatunnelen 30. mars 2019

Samvirket ved handteringa av brannen i Gudvangatunnelen 30. mars var tema for evalueringsmøte i Aurland fredag 26. april.


Publisert 04.04.2019

Årleg møte i fylkesberedskapsrådet

Det nye fylkesberedskapsrådet for Vestland blir samla til sitt årlege møte i neste veke.


Fylkesberedskapssjef

Beredskapsvakt

Ved akutte spørsmål og meldingar utanom kontortid.
Obs! For kommunar og regionale aktørar, ikkje privatpersonar.

Vakttelefon: 916 99 098 (ikkje SMS)

E-post: sfvlberedskap@statsforvalteren.no