Fagsamling om samfunnstryggleik og beredskap

Presentasjon som visast på skjerm, mange menneskjer, samling
Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand opna fagsamlinga. Bilete: Oliva Bakketun / Statsforvaltaren i Vestland

Deltakarar frå kommunane og regionale aktørar i Vestland møttest nyleg i Førde til fagsamling om samfunnstryggleik og beredskap.

Publisert 27.11.2023

Årets fagsamling blei gjennomført i Førde i Sunnfjord kommune. Vi diskuterte samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeidet framover, fekk høyre om ulike aktuelle tema som kommunane arbeider med og om samarbeid mellom næringslivet og offentleg beredskap.

Vedlagt ligg program og presentasjonar som vart vist på samlinga.

Kvar er vi på veg? Beredskapsarbeid i Vestland

Skjerm, presentasjon

Bilete: fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand (foto: Oliva Bakketun)

Haavard Stensvand orienterte mellom anna om samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeidet framover, særleg sett i lys av rapporten frå Totalberedskapskommisjonen og utfordringsbiletet. Han peika m.a. på at tal flyktningar til Noreg har auka kraftig og at det er ein lang rekkje funksjonar og tenester som må fungere i dette apparatet. Elles vist han m.a. til at eit klima i endring stiller auka krav til førebygging og dimensjonering av beredskapen, og viktigheita av eigenberedskap.

Kommunen i møte med nye beredskapsutfordringar – kapasitet og komptetanse

Skjerm, presentasjon,

Bilete: Professor Odd Jarl Borch frå Nord Universitet. (Foto: Oliva Bakketun)

Odd Jarl Borch var medlem av Totalberedskapskommisjonen. Han orienterte om kommisjonen sine hovudkonklusjonar om kommunane og Statsforvaltarane, og sine eigne vurderingar av kva utfordringar kommunane møter i kjølevatnet av kommisjonsrapporten. Han viste til at kommunane er den grunnleggjande byggesteinen i beredskapen, men at dei står overfor store utfordringar i åra som kjem, Han meinte at det lokale beredskapsarbeidet difor må styrkast.

Han peikte på at statsforvaltarane har ei viktig samordnings- og rettleiarrolle, men at den og må styrkast. Borch viste elles til ulike utfordringar og tilrådingar i arbeidet med m.a. naturfare, helseberedskap, forsyningstryggleik og totalforsvaret. Borch sa at det stillast aukande krav til innsats både på førebyggande tryggleik og oppbygging av beredskap. Det er nødvendig å gjere meir på fleire område, samstundes som bemanning og økonomi gir store utfordringar.

Korleis arbeider kommunane med oppfølging av beredskapsoppgåvene? Dømer frå fleire kommunar

Fire bilete samanstilt, fire personer som presenterer, skjerm

Bilete: Halvard Gjerde frå Sogndal kommune, Kjell Aske frå Gloppen kommune, Stina Nordbak frå Austevoll kommune og Rune Granli Slettemark og Bjørg Lirhus Ree frå Voss herad (Foto: Oliva Bakketun)

Beredskapsrådgjevar i Sogndal kommune, Halvard Gjerde, orienterte om erfaringar frå kommuneøvinga tidlegare i år, og korleis kommunen følgde opp desse. Øvinga var i regi av Statsforvaltaren og hadde totalforsvarsutfordringar som tema. Gjerde viste m.a. til at det er viktig at kommunen dannar seg ei felles situasjonsforståing og forståing av konsekvenspotensialet. Dei gjorde m.a. vurderingar på kapasitet, eventuell bistand og frå kven, samvirke og tenestefunksjonar.

Brann- og beredskapssjef i Gloppen kommune, Kjell Aske, orienterte om kommunen si øving på oppretting og drift av evakuerings- og pårørandesenter (EPS) i mai i år. Kommunen fekk nyttige erfaringar i å øve på å opprette og drifte eit EPS med mottak av over 100 personar. Dei inviterte og inn nabokommunar som observatørar. Erfaringar og lærepunkt var m.a. å ta i bruk samband, tidleg varsling av aktørar som kan bidra i EPS og at det vil vere behov for mykje personellressursar.

Stina Nordbak orienterte om ei øving som Austevoll kommune har hatt saman med nettselskapet Havnett. Øvingsscenarioet omhandla brann i hovudinntak og fordelingsanlegg, som igjen førte til eit straumbrot. Eit slikt scenario råka samfunnet hardt, m.a. vassforsyninga , telekommunikasjon og kommunale billadestasjonar. Erfaringar frå evalueringsarbeidet var m.a. viktigheita av tett samarbeid og lokalkunnskap og at det er eit stort informasjonsbehov i befolkninga og hjå næringsaktørar.  

Voss herad orienterte om deira arbeid med handtering av flaumrisiko. Voss har opplevd fleire storflaumar og hydrolog Bjørg Lirhus Ree og beredskapsrådgjevar Rune Granli Slettemark snakka om det å skaffe kunnskap, byggje robustheit og gjennomføre lokale flaumførebyggjande tiltak. Dei orienterte òg om flaumsikringsprosjekt og korleis dei kan tilpasse seg klimaendringane. Voss herad er deltakar i NVE sitt pilotprosjekt om Flomrisk, som ser på moglegheitene for lokal risikobasert varsling av flaum. 

Paneldiskusjon: korleis kan vi alle bidra til å gjere samfunnet trygt og sikkert i ei usikker tid?

6 personer som diskuterer, skjerm, mikrofon

Bilete: Christoffer Knutsen frå HV-09, Odd Jarl Borch frå Nord Universitet, Nils-Petter Borge frå Bergen kommune, Sjur Lehmann frå Statsforvaltaren, Anne Kristin Førde frå Bremanger kommune og Haavard Stensvand frå Statsforvaltaren. (Foto: Oliva Bakketun)

Første dag av samlinga vart avslutta med paneldiskusjon med temaet «korleis kan vi alle bidra til å gjere samfunnet trygt og sikkert i ei usikker tid?». Temaa for diskusjonen var m.a. totalforsvarsarbeid i kommunane, beskyttelse av befolkninga i krig og helseberedskap. Deltakarane var samde i at det er nødvendig å diskutere den tryggleikspoltiske situasjonen, og ha merksemd på den både lokalt og regionalt. Det kommunale beredskapsrådet bør vere ein god stad for diskusjonar på lokalt nivå. Desse deltok i paneldiskusjonen, som vart leia av fylkesberedskapssjefen:

    • Områdesjef i HV-09, Christoffer Knutsen
    • Professor Odd Jarl Borch
    • Etatsdirektør for helsetenester i Bergen kommune, Nils-Petter Borge
    • Fylkeslege, Sjur Lehmann
    • Ordførar i Bremanger kommune, Anne Kristin Førde

«Planlegging for massetilkomst av flyktningar v/Statsforvaltaren» utgjekk frå programmet på dag to av samlinga.  

Forsyning av naudvatn – prosjekt i Vann Vest

Skjerm, presentasjon

Bilete: Asle Aasen frå Vann Vest. (Foto: Oliva Bakketun)

Dagleg leiar i Vann Vest, Asle Aasen, orienterte om m.a. deira arbeid med beredskap, utfordringar og samarbeid om naudvassutstyr. Vann Vest har per i dag 29 eigarkommunar og har som mål å etablere samarbeid om tilgang til og bruk av beredskapsutstyr i tilfelle større hendingar innan vassforsyninga. Dei er i startfasen med å etablere eit slikt samarbeid, men har m.a. gjennomført farekartlegging, ROS-analyser og arrangerer øvingar.

Korleis sikre at risiko- og sårbarheitsanalyser gir eit best mogleg grunnlag for beredskap og planlegging?

Fire bilete samanstilt, fire personar som presenterer, skjerm

Bilete: Brita Øygard frå Bergen kommune, Marius Solbakken frå Stryn kommune, Lars Ese Ur frå Kvam herad og Haavard Stensvand frå Statsforvaltaren. (Foto: Oliva Bakketun)

Overlege ved Samfunnssikkerhetens Hus Brita Øygard orienterte om arbeidet med heilskapleg ROS-analyse for Bergen kommune (BergenROS 2023), og om foreløpige funn, resultat og oppfølging. Øygard viste m.a. til  nytten i å ha brei deltaking i analysearbeidet, og korleis det bidreg til kunnskapsdeling og forankring av planverk og oppfølging.

Kommuneoverlege Marius Solbakken orienterte om Stryn kommune sitt forprosjekt til heilskapleg ROS-analyse og plan for analysearbeidet framover. Han viste m.a. til at gode ROS-prosessar er berebjelkar i kommunen sitt arbeid med å handtere kriser, beskytte tenester og tenkje førebyggjande og berekraftig.

Teknisk sjef i Kvam herad, Lars Ese Ur, orienterte om deira arbeid med å oppdatere heilskapleg ROS-analyse for kommunen, og føringane for arbeidet. Han fortalte om analyseprosessen og kvar dei er komne, og om korleis dei legg opp arbeidsprosessen i arbeidet med kommunal beredskapsplikt.

Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand orienterte om forventingar, oppfølging gjennom handlingsplan og aktuelle tema i heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse i kommunane.

Samarbeid med næringslivet i møte med beredskapsutfordringar

Bilete: Stian Dokken og Rune Mattson frå Dokken Anlegg i Valdres og Helene Frihammer frå NHO region Vest. (Foto: Oliva Bakketun)

Regionsdirektør i NHO Vest, Helene Frihammer sa at næringslivet er ein viktig lagspelar i samfunnstryggleik og beredskap og i totalforsvaret. Stian Dokken og Rune Mattson frå Dokken Anlegg i Valdres orienterte om det omfattande rydde- og oppryddingsarbeidet dei hadde delteke i under og etter ekstremvêret Hans i august. Dei opplevde flaum og jordskred, samt bekke- og nødløp som fann nye føringsvegar t.d. over E16. Arbeidet var svært krevjande og dei påpeikte kor viktig det er med god kommunikasjon og tryggleik for eigne tilsette.

Oppsummering av fagsamlinga

Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand oppsummerte dei to dagane ved å vise til at tema på fagsamlinga i år har handla om mykje av det same som i fjor. Viktigheita av å diskutere totalforsvaret på lokalt nivå er like aktuell, og Statsforvaltaren har eit ansvar for å avklare forventingane til kommunane. Utvikling av totalforsvaret vil prege arbeidet vårt i tida framover, og kommunane har ei viktig rolle i dette. ROS-analysar er eit nødvendig verktøy for å definere, avklare og forstå risiko og sårbarheit.

Han oppmoda samstundes om å bruke arenaene som allereie eksisterer til å starte diskusjonar om utfordringsbildet i totalforsvaret, kva det kan bety i den enkelte kommune og løfte eventuelle innspel eller problemstillingar til Statsforvaltaren.

Takk til alle som deltok og bidrog i fagsamlinga 2023!

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.