Situasjonen i Ukraina og konsekvensar i Noreg ved eit utslepp

Krigen i Ukraina gjer at situasjonen tidvis er uoversiktleg og ustabil når det gjeld tryggleiken omkring kjernekraftverka i landet. Eit utslepp av radioaktive stoff i Ukraina, vil ikkje føre til akutt fare for folk i Noreg. Avstanden er så stor at utsleppet vil fortynnast kraftig før det kjem hit.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 22.09.2022

Måndag inviterte Helse- og omsorgsdepartementet og Landbruksdepartementet til eit felles informasjonsmøte om atomberedskap, med særleg vekt på situasjonen ved kjernekraftverka i Ukraina. I tillegg til kommunane og Statsforvaltarane, deltok m.a. Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA), Mattilsynet og Folkehelseinstituttet. Det viktigaste målet med møtet var å bidra til ei lik situasjonsforståing. I tillegg vart det informert om aktuelle tiltak ved eit eventuelt utslepp av radioaktivitet i Ukraina.

Innleiarane var tydelege på at sjølv om det er stor uvisse knytt til situasjonen i Ukraina, og vi må vere budde på at det kan skje ei ulykke ved eit av kjernekraftverka der, vil eit eventuelt utslepp ikkje gi akutt helsefare for folk i Noreg. Det skuldast at avstanden er så stor at utsleppet vil fortynnast kraftig før det kjem hit. Det vil såleis ikkje vere aktuelt å tilrå å ta jodtablettar, og barn og vaksne vil kunne opphalde seg utandørs i Noreg.

Den største risikoen er at næringsmiddel kan verte ureina i deler av landet, og det kan såleis verte aktuelt med tiltak for å sikre trygg mat. Det kan t.d. vere å halde mjølkeproduserande dyr innandørs, og å endre haustetidspunkt for grønsaker. Det kan òg vere aktuelt å gi kosthaldsråd.

Du kan lese meir om Mattilsynets rolle og tiltak retta mot næringsmiddel her.

Eit utslepp ved Zaporizjza kjernekraftverk kan nå deler av Noreg i løpet av 16 timar ved kraftig vind. Med normal vind er det sannsynleg at utslepp vil nå oss i løpet av eitt til to døgn. Det betyr at det vil vere tid til å gjennomføre tiltak før eit eventuelt utslepp treff Noreg. Vi har gode overvakingssystem som vil fange opp radioaktiv forureining i Noreg, og vi kan lese av måledata frå andre europeiske land som deltek i datautvekslinga til EU-kommisjonen.

Du kan lese meir om situasjonen ved kjernekraftverka i Ukraina og konsekvensar for Noreg ved eit eventuelt utslepp her.

Atomberedskap i Noreg

Det overordna målet for norsk atomberedskap er å sikre at styresmaktene er i stand til raskt å setje i verk tiltak for å skjerme liv, helse, miljø og andre viktige samfunnsinteresser, i tilfelle det skjer ei uønskt hending med fare for utslepp av radioaktiv ureining.

Du kan lese meir om atomberedskap her, og organiseringa av den norske atomberedskapen her

Kriseutvalet for atomberedskap (KU) er ansvarleg for, og har fullmakt til, å setje i verk tiltak for å redusere konsekvensane av ei atomulukke. Mandatet til KU følgjer av Kongeleg Resolusjon av 23.08.2013. Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA) er leiar av, og sekretariat for utvalet.

KU sine rådgjevarar er av representantar frå institusjonar og etatar med spesiell kompetanse knytt til atomberedskap. Ved ei atomhending skal rådgjevarane vere eit fagleg støtteapparat for Kriseutvalet.

Statsforvaltarane (og Sysselmeistaren på Svalbard) er det regionale leddet for KU. Gjennom tilrettelegging og rettleiing skal Statsforvaltaren medverke til at kommunane og regionale etatar har nødvendige planar for å handtere ei atomhending. I tilfelle det skulle skje ei uønskt hending, skal Statsforvaltaren syte for å koordinere handteringa, og bidra til at tiltak som KU tilrår eller bestemmer vert sett i verk i fylket. Fylkesberedskapsrådet er òg atomberedskapsutval i Vestland, og vil vere ein veldig viktig arena for samordning og iverkstjing av konsekvensreduserande tiltak.

Kommunen skal ha ein oppdatert beredskapsplan som òg omfattar atomhendingar, jf. sivilbeskyttelseslova §§ 14 og 15. I tillegg til å syte for å gjennomføre tiltak som reduserer konsekvensane for liv og helse og andre viktige verdiar, skal kommunen oppretthalde leveransen av kritiske tenester så langt det er mogleg. Kommunen skal òg hjelpe andre styresmakter med ansvar for å gjennomføre tiltak, med å ivareta tryggleiken til innbyggjarane. Kommunen vil og ha ei viktig rolle med å formidle lokalt tilpassa informasjon om situasjonen (inkludert nødvendig varsling av innbyggjarane).

Ved utarbeiding av beredskapsplanverk for atomhendingar skal kommunane ta utgangspunkt i DSAs Kommunal beredskap – Plangrunnlag.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.