Sambandstrening

I førre veke trente vi saman med kommunane på å nytte Nødnett og satellittelefon.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 10.12.2019

Dei siste åra har vi pleidd å teste sambandsutstyret med kommunane i førjulstida. Vi meiner at det er viktig å trene på bruken av satellittelefon og Nødnett med jamne mellomrom, slik at vi er klare til å handtere eit eventuelt bortfall av ordinære kommunikasjonsmiddel. Vi har fått tilbakemeldingar frå fleire av kommunane om at treninga bidrog til å avdekke svakheiter og manglar ved både utstyr og rutinar.

Nokre av kommunane stilte med fleire medlemar frå kriseleiinga, mellom andre Voss herad og Eidfjord kommune. Vi ser på det som viktig at det er fleire i kriseleiinga som kan nytte sambandsutstyret, for på den måten å vere mindre sårbar. Vi rår difor til at kommunane forsikrar seg om at det er fleire i kriseleiinga som er trygge på dette.   

Vi fekk spørsmål frå fleire kommunar om kva talegruppe som skal nyttast på Nødnett i reelle hendingar. Vi har ein dialog med Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap om det, og nyttar talegruppa FELLES-1 inntil vidare. I dei tilfella det kan bli trong for Nødnett, til dømes ved varsel om naturfare frå NVE og/eller MET, vil vi alltid opplyse om kva talegruppe som skal nyttast.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.