Øving for samanslåingskommunane

Tysdag og onsdag øvde kriseleiinga i kommunane som slår seg saman frå nyttår.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 05.12.2019

Vi inviterte  til beredskapsøving denne veka, for å hjelpe til med å førebu og «trimme» kriseleiinga i samanslåingskommunane før dei vert formelt etablert frå nyttår. På tysdag øvde  kommunane Ullensvang, Bjørnafjorden, Alver, Øygarden og Voss i Bergen. Dagen etter møttest kommunane Kinn, Stad, Sunnfjord og Sogndal på Skei. Representantar frå Vest politidistrikt, HV 09/11, Sivilforsvaret, Røde kors, Helse Førde og Helse Bergen deltok og hjelpte oss med gjennomføringa.

Scenarioet for øvinga var eit ekstremvêr med sterk vind og kraftig nedbør. Det førte mellom anna til at vegar vert stengte og at straum- og telenettet var nede, noko som igjen skapte utfordringar for kommunane sine kritiske tenester.

 

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar