Evakuering og befolkningsvarsling

Vi ønskjer å tydeleggjere krav og forventningar til kommunen når det gjeld evakuering og befolkningsvarsling. Difor har vi skrive eit notat om temaet og laga eit forslag til tiltakskort.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 18.12.2019

Frå tid til annan oppstår det diskusjonar om rolla og ansvaret til kommunen når eit område må evakuerast, til dømes på grunn av flaum- eller skredfare. Difor har vi skrive eit notat der vi har forsøkt å gjere greie for korleis vi forstår rolla og ansvaret til kommunen. Vi har òg gitt ein omtale av krav og forventningar til kommunen når det gjeld befolkningsvarsling. Vi har hatt særleg merksemd på å vise til sentrale lover, forskrifter og rettleiarar som omtalar desse temaa.  

Hovudregelen er at det er politiet som har mynde til å ta avgjerder om evakuering i fredstid. Samstundes ser vi ofte at det er ei forventning om at kommunen støttar politiet i den praktiske gjennomføringa av evakueringa. Vi har difor laga eit forslag til eit kommunalt tiltakskort for evakuering, for å tydeleggjere relevante oppgåver for kommunen. Tiltakskortet reflekterer mellom anna politiet sine forventningar til kommunen i ein evakueringssituasjon. Det er viktig å presisere at kvar kommune må tilpasse tiltakskortet etter lokale tilhøve og trongar. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.