Stadfestar avslag på frådeling av våningshus i Sogndal kommune

Sogndal kommune avslo søknaden om dispensasjon og frådeling på Kvamsvegen 47. Statsforvaltaren har stadfesta avslaget, fordi vilkåra for dispensasjon etter plan- og bygningslova ikkje er oppfylte.

Publisert 22.05.2023

Det var i denne saka søkt om å få dele frå den delen av tomta der våningshuset er plassert, til bustadføremål. Grunneigaren hadde vidare søkt om å tilbakeføre det gamle våningshuset som tidlegare har vore delt frå, til gardstunet. Formålet var å samle gardstunet igjen.

Sogndal kommune avslo søknaden, fordi dei vurderte at vilkåra for å dispensere frå LNF-føremålet i kommuneplanen ikkje var oppfylte. Kommunen kom til at fritt omsettelege bustadeigedomar i dette området ikkje var formålstenleg. Dagens våningshus som hovudhus på bruket, vart også vurdert som den beste løysninga for landbrukseigedomen. Kommunen vurderte at ei frådeling slik det var søkt om ikkje ville vere til fordel for gardsdrifta.

Vilkåra for å gi dispensasjon etter plan- og bygningslova er strenge. Statsforvaltaren er samd med kommunen i at vilkåra ikkje er oppfylte i denne saka. Til liks med kommunen har vi vektlagt at våningshuset ligg nær driftsbygninga på eigedomen, omkransa av landbruksareal, og vi meiner at det vil vere lite tenleg for landbruket at ein får ein fritt omsetteleg eigedom så nær til driftsbygninga og dyrka mark.

Vi har òg vektlagt at eit bytte av det nye våningshuset mot det gamle, vil gi eit dårlegare alternativ for garden, reint byggteknisk. Etter ei samla vurdering kunne vi ikkje sjå at frådelinga er til fordel for landbrukseigedomen.

Statsforvaltaren stadfesta etter dette Sogndal kommunen sitt vedtak i saka.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.