Snart klart for klimavenleg transport på ferjesambandet Halhjem–Våge

Eksisterande servicebygg på ferjekaien skal erstattast med nytt teknisk bygg. Ladetårn til høgre. Foto: Statsforvaltaren i Vestland

Statsforvaltaren har gjort om vedtaket frå Tysnes kommune og gitt dispensasjon for oppføring av eit teknisk bygg på Våge ferjekai. Bygget er ein føresetnad for å kunne setje inn el-ferjer på sambandet Halhjem–Våge.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 11.03.2021

Det har lenge vore planlagt å elektrifisere ferjesambandet Halhjem–Våge. Det føreset nye anlegg på land, mellom anna eit teknisk bygg med kraft-transformator på ferjekaien på Våge.

Tysnes ferjekai er omfatta av områdeplanen for Våge sentrum. Planen set krav om at det skal utarbeidast samla situasjonsplan og teknisk plan for kaiområdet før utbygging. Fjord1 har søkt om dispensasjon frå kravet om utarbeiding av dei nemnde planane, og mellom anna vist til at saka hastar. Det vil ikkje vere mogleg å vente med etablering av el-ferjedrift for at denne skal kunne tilpasse seg den framtidige utviklinga av Våge sentrum. Tiltaket vil også fremje miljøfokusert  transport og ivareta internasjonale og nasjonale miljøforpliktingar om å redusere CO2-utslepp.

Tysnes kommune har avslått søknaden om dispensasjon tre gonger og Fjord1 har klaga på avslaga. Vi har handsama klagene to gonger tidlegare. Begge gongene vart kommunen sine vedtak oppheva fordi saka ikkje var tilstrekkeleg opplyst og vurdert.

Ved tredje gongs handsaming av klagesaka har vi vurdert det slik at vilkåra for å gje dispensasjon er oppfylte. Det tekniske bygget kan difor plasserast på kaien utan at det vert kravd samla situasjonsplan og teknisk plan for kaiområdet. Vi har mellom anna lagt vekt på at tiltaket er i samsvar med arealdisponeringa på kaien. Eit avslag på søknaden vil berre skubbe tiltaket fram i tid. Slik bygget er søkt plassert og utforma vil det heller ikkje vere til vesentleg hinder for at det kan utarbeidast ein samla situasjons- og teknisk plan når det vert bestemt at området skal utviklast vidare. Omsyna det er søkt om dispensasjon frå kan i stor grad også seiast å vere oppfylte ved at det er utarbeidd ein meir avgrensa situasjonsplan. Tiltaket har også ei klårt samfunnsmessig betyding. Tiltaket svarer til plan- og bygningslova sitt føremål om å fremje berekraftig utvikling og miljøfokusert transport. Dette er også i samsvar med statlege planretningsliner for klima- og energiplanlegging og klimatilpassing. Gjennom desse retningslinene skal kommunane bidra til å redusere klimagassutslepp.

Det er svært sjeldan at Statsforvaltaren gjer om vedtak frå kommunane der søknad om dispensasjon er avslått. Dispensasjonsheimelen i plan- og bygningslova § 19-2 skal berre nyttast unntaksvis og med stor varsemd. Vi vurderer det likevel slik at vilkåra for å gje dispensasjon i denne saka er oppfylt.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.