Rettleiing til kommunane om klagesaker etter plan- og bygningslova

Vi har sendt ut eit brev til kommunane for å klargjere nokre tema og problemstillingar vi ser i handsaming av klagesaker etter plan- og bygningslova. Mellom anna gjev vi rettleiing og informasjon om sakshandsamingsreglane i naturmangfaldlova.

Publisert 09.06.2026

Krava til praktisering av prinsippa i naturmangfaldlova har vorte klarare dei siste åra, mellom anna gjennom fleire fråsegner frå Sivilombodet. Dette verkar inn på vår handsaming av klagesaker. I brevet gjer vi nærmare greie for kva som må til for at sakshandsaminga i kommunen skal vere i tråd med naturmangfaldlova, og korleis vi vurderer dette i klagesaker som kjem inn til oss.   

Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) har, på førespurnad frå oss, gitt rettleiing om handsaming av klagesaker der vi ser behov for dokumentasjon av naturfare. Dette gjeld til dømes saker der denne problemstillinga ikkje er omfatta av klagen, eller ikkje handsama i kommunen, sjølv om det ligg føre haldepunkt for mogleg naturfare. Vi tek omsyn til rettleiinga i vår praksis framover. Brevet frå KDD er også sendt til kommunane.  

Vidare tek vi i brevet vårt til kommunane opp nokre problemstillingar om konsekvensutgreiing (KU) i plansaker, og kva følgjer det kan få for reguleringsplanen at reglane om KU ikkje er følgde.  

Vi opplyser også om kva at kommunane må hugse på når dei skal sende oss klagesaker etter plan- og bygningslova.  

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.