Opphevar kommunen sitt nei til vindmålar i Høyangerfjella

Høyanger kommune avslo dispensasjon frå LNF-formål for oppføring av vindmålar i Høyangerfjella. Statsforvaltaren stadfesta først vedtaket, men etter merknader frå Sivilombodet har vi vurdert saka på nytt og oppheva vedtaket. Høyanger kommune må vurdere saka på nytt.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 04.11.2021

Kommunen si vurdering

Høyanger kommune har grunngjeve sitt avslag med at dei ikkje ønskte å ta stilling til vindkraftutbygging før nasjonal ramme for vindkraft var handsama og at dei generelt ikkje ønskjer vindkraftutbygging. Dei rettslege vilkåra for å gje dispensasjon vart ikkje vurderte av kommunen.

Sivilombodet si fråsegn

Sivilombodet har i si vurdering lagt til grunn at plan- og bygningslova legg ei reell skjønnsfriheit til kommunen i spørsmålet om dei ønskjer å gi dispensasjon. Dette kan vere ein sjølvstendig avslagsheimel. Det er ikkje nødvendig med ei vurdering av om dei rettslege vilkår elles er oppfylte, så lenge dei likevel ikkje ønskjer å gi dispensasjon.

Statsforvaltaren si prøving av kommunens frie skjønn er avgrensa, og kan berre gjerast dersom kommunen si vurdering og konklusjon tek utgangspunkt i usaklege og utanforliggjande omsyn.

Regjeringa har like i forkant av kommunen sitt vedtak, avgjort å ikkje vidareføre arbeidet med nasjonale rammer for vindkraft. På bakgrunn av dette viser Sivilombodet til at den einaste premissen som låg til grunn for kommunen sitt avslag var falle bort.

Sivilombodet viser vidare til at det ikkje er eit sakleg omsyn å legge vekt på kommunen sin generelle motstand mot vindkraftutbygging i dispensasjonsvurderinga.   

Statsforvaltaren si vurdering

Statsforvaltaren i Vestland har på bakgrunn av fråsegna frå Sivilombodet kome til at Høyanger kommune sitt avslag er ugyldig og må handsamast på nytt i kommunen.


Statsforvaltarens nye og tidlegare vedtak, saman med uttalen frå Sivilombodet, ligg ved artikkelen. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.