Gjer om opphevinga av reguleringsplan for Loen i Klepp

Fylkesmannen oppheva den 4. september to reguleringsplanvedtak frå Klepp kommune. Vi har no gjort om den eine opphevinga, og stadfesta detaljreguleringsplanen for Loen.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.09.2020

På grunn av manglar ved konsekvensutgreiinga for Kleppeloen barneskule, oppheva Fylkesmannen som settefylkesmann to reguleringsplanar ved Kleppeloen. Grunnen til at vi oppheva begge reguleringsplanane, var at vi meinte dei to påklaga vedtaka, plan 1860 og plan 2019016, måtte sjåast i samanheng. Klagene frå naboane og fleire andre innbyggjarar vart dermed tekne til følgje.

Vi har vurdert saka på nytt etter krav frå Klepp kommune. Fylkesmannen er einig med kommunen i at planane kan byggast ut kvar for seg, sjølv om områda og arealbruken heng tett saman.

Fylkesmannen meiner framleis at det er uvanleg å dele opp ein samansett arealbruk i enkeltvise detaljreguleringsplanar, utan ei samla og områdevis avklaring. Dette er likevel ikkje ein klar ugyldigheitsgrunn, men ei vurdering som er underlagt kommunen sitt skjønn. Fylkesmannen skal ikkje overprøve denne typen skjønn ved klager på reguleringplanar, men legge stor vekt på kommunen sine planfaglege og lokalpolitiske vurderingar.

Utanom koplinga mellom dei to planane har vi ikkje avdekt andre moment som tilseier at plan 201906 må vurderast på nytt. Sidan planane kan byggast ut kvar for seg, har vi derfor kome til at detaljreguleringa for Loen kan stadfestast. Det er ikkje klagerett på stadfestinga.

Detaljreguleringsplanen for ny barneskule ved Kleppeloen (1860) må framleis handsamast på nytt i kommunen. Kommunen har sagt seg einig i dette, og i at konsekvensutgreiinga for skuletomta var mangelfull. Den nye vurderinga, som no blir utført, vil bli utarbeidd ut frå det tiltenkte skulearealet, men med ei vurdering av samla verknader innanfor influensområdet.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.