Kan du flytte til hytta – og få straumstøtte?

Illustrasjonsbilete av ei snødekt hytte i vinterlandskap.
Snødekt hytte i vinterlandskap. Foto: Trond Giæver Myhre / Pixabay.

For å nytte fritidsbustad som heilårsbustad, må du søke om bruksendring. Dersom hytta ligg i eit område som er sett av til fritidsbusetnad, vil det ikkje vere lovleg å nytte hytta som heilårsbustad.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 05.10.2022

Voss herad stilte spørsmål til Statsforvaltaren om regelverket for å bruke hytter som heilårsbustader. Denne problemstillinga har blitt meir aktuell den siste tida, på grunn av høge straumprisar

Nokre hytteeigarar ønskjer no å flytte til hytta for å få straumstøtte, då slik støtte berre blir gitt til heilårsbustader. Det rettslege spørsmålet er kva som skal til for å gjere ein fritidsbustad om til heilårsbustad. Fordi spørsmålet er prinsipielt og aktuelt for fleire fylke bad Statsforvaltaren Kommunal- og distriktsdepartementet om å uttale seg om spørsmålet.

Det er avklart at du må søke om bruksendring for å kunne  bruke fritidsbustad som heilårsbustad. Dersom hytta ligg i eit område som er sett av til fritidsbusetnad, vil det ikkje vere lovleg å nytte hytta som heilårsbustad.

Det er mogleg å søkje dispensasjon frå planen, men ingen har krav på dispensasjon.

Svarbrevet frå Kommunal- og distriktsdepartementet frå 30. september, ligg ved.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.