Vi startar arbeidet med å utvide verneområde på Fedje

Vi starter arbeidet med å utvide Fedjemyrane landskapsvernområde inn i område med både viktig kystlynghei, og terrengdekkande myr. Både kystlynghei og myr er naturtypar som har vore i tilbakegang. Frist for uttale er 30.september 2025.
Nasjonalt oppdrag
Verneframlegget er ein del av det nasjonale oppdraget «Bevaring av verdifull natur» som for Vestland sin del omfattar oppretting av tre nye nasjonalparkar og 22 andre verneområde. I tillegg kjem utvidinga av sju eksisterande område.
Eitt av områda som skal utvidast er Fedjemyrane landskapsvernområde. Arealet som er inkludert ved oppstart aukar arealet til verneområdet frå 835 dekar til om lag 2680 dekar (sjå kart vedlagt).
Området er freda for å ta vare på myr- og lyngheinatur som er typisk for dei ytste kyststroka i fylket. Utvidinga vil innlemme større område med både kystlynghei, og med terrendekkende myr.
Føremålet med vern av området er å ta vare på trua, sjeldan og sårbar natur, jf. naturmangfaldlova §§ 36 og 37.
Trua og sårbar natur
Store delar av Fedje består av samanhengande kulturlandskap som har vore utvikla av menneskeleg påverknad gjennom fleire tusen år fram til i dag. Den tidlege ryddinga av skogen på Fedje har skapt eit kystlandskap beståande av ein mosaikk av kystlynghei og terrengdekkjande myr, begge truga naturtypar. Storleiken på området gjer det òg svært verdifullt. Kystlyngheiane vitnar om lang tids bruk, og er såleis både ein del av vår felles naturarv og kystkultur. Myrområda ber også preg av relativt omfattande torvuttak, og dette har påverka djupna til myrene.
I dei seinare åra er kystlynghei i området tatt i bruk att. Større område er brent, og det går beitedyr i området. Dette er svært positivt for kystlyngheiane, og for området. Ei utviding av verneområdet vil kunne bidra til å oppretthalde bruken, og hindre attgroing, som er eit trugsmål mot dei opne kystlyngheiane.
I utvidingsområdet i sør er det store terrengdekkande myrer, og i ein gjennomgang av vernet i 1995 blei det peika på at ei utviding av verneområdet sørover ville auke verdien til verneområdet «i meget sterk grad».
Lite verna frå før
Kystlynghei og myr i kyststrøk har svært dårleg vernedekning frå før i Vestland og Noreg. Såleis vil dette vernet treffa godt med å ta vare på trua natur i lågland langs kysten, noko som er hovudføremålet med dette oppdraget.
Naturkrise også i Vestland
Globalt, så vel som lokalt i Vestland står vi overfor ei naturkrise like alvorleg som klimakrisa. Tap av natur til utbygging er den viktigaste enkeltårsaka. Temaet har mellom anna blitt godt illustrert gjennom ulike medieoppslag dei siste åra. Miljødirektoratet la nyleg også fram ein rapport som viser at tapet av villmarksprega natur er dobla. Frå tap av 117 kvadratkilometer i perioden 2013- 2017 til 241 kvadratkilometer i 2018-2022. Områdevern sikrar at viktig natur ikkje blir øydelagt, og er difor eit av våre viktigaste verktøy for å nå nasjonale miljømål, òg i møte med naturkrisa.
Dette verneoppdraget skal bidra til å dekke manglane i eksisterande verneplanar. Ved å ta godt vare på naturen i desse områda, kan dette bidra til at vi når dei nasjonale måla om bevaring av eit representativt utval av norsk natur for kommande generasjonar og om å ta vare på trua artar og naturtypar.
Planstatus
Det meste av arealet innanfor kandidatområder har i gjeldande kommuneplan arealføremålet landbruk-, natur-, og friluftsføremål samt reindrift (LNFR).
Det var originalt to område innanfor avgrensinga som er regulert til fritidsbustadar (planID 4633_200701 og 4633_200501), desse er tekne ut frå kandidatområdet.
Eit område som er sett av til industri i kommuneplanen ligg framleis innanfor grensene til kandidatområdet. Føremålet til dette arealet vil truleg bli diskutert i prosessen med rullering av kommuneplanen sin arealdel som Fedje kommune har starta opp.
Dialog om kandidatområdet
Fedje kommune og grunneigarar i området blei invitert til eit felles informasjonsmøte om verneoppdraget i brev sendt 21. april 2023.
Den 16. juni 2023 blei det sendt ut informasjon til kommunen og grunneigarar om mogleg utviding av Fedjemyrane landskapsvernområde, og 27. november 2023 hadde vi informasjonsmøte om verneprosessen i Fedje fleirbrukshall.
Både før og etter informasjonsmøtet har vi fått innspel til prosessen. Innspela handlar i hovudsak om avgrensinga til verneområdet. Vi vil handsame alle innspel som har kome inn så langt i prosessen, i tillegg til dei som kjem inn som svar til dette brevet, når vi utarbeider forslag til vernekart og vernereglar etter denne oppstartperioden. Det er difor ikkje gjort store endringar på den føreslegne vernegrensa i denne omgang, men område i søraust som inngår i gjeldande reguleringsplanar er tekne ut av området vi melder oppstart for.
Konsekvensar av vern
Føremålet med vernet vil vere å ta vare på dei viktige naturkvalitetane i området. Det vil seie at det ikkje vil vere mogleg med ny utbygging eller aktivitetar som kan skade verneverdiane innanfor området som blir verna.
Eit vern vil òg gje forvaltinga betre høve til å støtte opp om tradisjonell landbruksdrift som lyngbrenning og beiting. Både beiting og brenning er nødvendig for å ta vare på naturtypen kystlynghei. I samband med det gjeldande verneområdet, Fedjemyrane, er det utarbeidd ein forvaltningsplan. Tiltak som vart nytta for å sikre naturverdiane for framtida var lyngbrenning og beiting. Desse tiltaka har gjeve gode resultat for å stanse attgroing og for å fornye lyngen. Ved ei eventuell utviding vil det vere behov for ei oppdatering av forvaltningsplanen som òg inkluderer dei nye areala.
Nedkjemping av dei framande artane sitkagran og buskfuru, som spreiar seg inn i området, vil òg vere naudsynte tiltak.
Sidan det kan vere hensiktsmessig med eitt verneområde med eitt sett vernereglar melder vi oppstart for eit område som inkluderer dagens Fedjemyrane landskapsvernområde og dagens Sekkedalstjørna naturreservat. I løpet av prosessen skal vi vurdere om det blir eitt, to eller tre verneområde, og vi må òg ta stilling til verneform og vernereglar for området/områda. I utgangspunktet ønskjer vi at restriksjonsnivået skal vere på nivå med det som er i dagens Fedjemyrane landskapsvernområde.
Erstatning
Grunneigarar og rettshavarar har rett til erstatning frå staten for økonomisk tap når eit vern medfører ei vanskeliggjering av igangverande bruk etter naturmangfaldlova § 50. Grunneigar vil ha ein frist på fire månader etter vernevedtaket til å fremje skriftleg krav om erstatning til Miljødirektoratet jf. naturmangfaldlova § 51. Då er det Miljødirektoratet som har ansvaret for å sørgje for at det vert gjort erstatningsvurdering for grunneigar.
Vidare prosess
Etter at fristen for å komme med innspel er ute, vil vi gå gjennom alle innkomne innspel. Med bakgrunn i dette, og dei innspela vi alt har mottatt, vil vi utarbeide eit konkret verneframlegg (vernekart og vernereglar) som vi legg ut til høyring. De vil då få høve til å komme med innspel på forslaget
Tiltak i forslag til verneområde
Vi minner avslutningsvis om at når vernearbeidet no formelt startar opp, kan det ikkje gjevast løyve til tiltak eller tilskot etter anna lovverk som kan få følgjer for verneforslaget jf. naturmangfaldlova § 44. Vernemyndigheten kan gjøre unntak fra dette dersom tiltaket er uten nevneverdig betydning eller er positivt for forslaget til nytt vern.
Frist for uttale er 30. september 2025
Frist for å koma med uttale til denne oppstartsmeldinga er 30. september 2025. Det vil også vere høve til å kome med uttale til høyringa seinare i verneprosessen. Du kan sende uttale digitalt til postmottaket vårt på adressa: sfvlpost@statsforvalteren.no