Tilrår frivillig skogvern av ni område

Fylkesmannen har sendt anbefaling til miljødirektoratet om frivillig vern av ni område i Vestland fylke. Tre av områda gjeld utviding av eksisterande naturreservat.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 17.08.2020

Parti med eldre lågurtfuruskog ved Litletveit som inngår i utvidingsområde for Uranes naturreservat i Kvam herad. Foto: Magnus Johan Steinsvåg©

Dei ni områda fordelar seg over heile fylket og fangar opp eit mangfald av artar og viktige naturtypar. Vernet vil omfatte mellom anna rike edellauvskogar, eldre kalkrike blandingsskogar, vestnorske regnskogar, rikmyrar og rik sumpskog. Det er ei målsetjing å ta vare på verneverdiane i mest mogleg urørd tilstand.

Alle ni områda har vore på kombinert lokal og sentral høyring i løpet av første halvdel av 2020.  Dei aktuelle områda er:

1. Bugen naturreservat i Bremanger kommune (utviding med 457 dekar til 839 dekar)
2. Gulbergnotten naturreservat i Ullensvang (utviding med 2513 dekar til 5872 dekar)
3. Hopslia naturreservat i Samnanger og Bjørnafjorden kommunar (2 614 dekar)
4. Uranes naturreservat i Kvam herad (utviding med 978 dekar til 2414 dekar)
5. Krakksfjellet naturreservat i Solund kommune (1 608 dekar)
6. Skarvatun naturreservat i Kvinnherad kommune (1 680 dekar)
7. Bergsstronda naturreservat i Høyanger kommune (1 077 dekar)
8. Stussvikhovda naturreservat i Bjørnafjorden og Kvinnherad kommunar (1353 dekar)
9. Ulvenfjellet i Bjørnafjorden kommune (1437 dekar)

Med vern av desse områda er no 3,1 prosent av skogen i fylket verna, den nasjonale målsetjinga er 10 prosent. Frivillig skogvern vil vere eit viktig tiltak for å ta vare på eit pressa artsmangfald i skog i åra framover i Vestland.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.