Oversending av høyringsdokument for marint vern av Sognefjorden til Miljødirektoratet

eit oversiktsbilete frå ein fjelltopp ned mot ein fjord der ein industristad ligg til venstre og ein blå fjord til høgre
Høyringsutkastet for Sognefjorden marine verneområde er sendt frå Statsforvaltaren i Vestland til Miljødirektoratet for fagleg vurdering. Etter at direktoratet har gitt grønt lys vil høyringa bli lagt ut offentleg for innspel og medverknad. Biletet syner Årdalsfjorden, ein av fjordane der vi vil høyre ulike alternative vernegrenser inn mot tettstaden. Foto: Gunnar O. Hæreid.

Statsforvaltaren har med dette sendt sitt forslag til høyring av Sognefjorden marine verneområde til Miljødirektoratet for vurdering og godkjenning. Når Miljødirektoratet har gitt grønt lys vil Statsforvaltaren leggje vernet ut på offentleg høyring.

Publisert 16.12.2025

Statsforvaltaren i Vestland sender med dette vårt utkast til høyringsdokument for Sognefjorden marine verneområde for vurdering og godkjenning i Miljødirektoratet.

Vi fekk i oppdrag frå dykk i januar 2022 å starte arbeidet med marint vern for kandidatområdet Sognefjorden, og meldte oppstart av verneprosess i desember same året. Arbeidet følgjer rundskrivet T-2/15 Saksbehandlingsregler ved områdevern etter naturmangfaldlova.

Fordi den geografiske utstrekninga er meir enn 250 km², utløyste oppstartsmeldinga krav om konsekvensutgreiing av vernet. Høyringsutkastet vi sender dykk er bygd på eit breitt kunnskapsgrunnlag, mellom anna ei omfattande konsekvensutgreiing, fleire kartleggingar og nær femti eksterne møtepunkt. Vi har opplevd stor interesse for verneprosessen.

Til høgre ligg utkast til høyringsdokument med verneforskrift, samt utkast til vernekart for Sognefjorden marine verneområde. Vernekartet vil etter kvart bli tilgjengeleg digitalt slik at ein lett skal kunne sjå detaljar. Før høyringa skal vi også lage detaljerte kart vedlagt vernekartet i pdf-format for til dømes tettstadar og andre område med infrastruktur. Til høgre ligg også merknadsheftet med innspel og våre kommentarar, samt alle innspel og referat i sin heilskap. 

Vi avventar tilbakemelding frå Miljødirektoratet for endeleg fastsetting av høyringsdokumenta slik at vi kan oppdatere desse og leggje høyringa ut til offentleg innsyn og medverknad. Det er stor interesse for verneprosessen vidare, og vi ser fram til å leggje ut Sognefjorden på offentleg høyring på nyåret.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.