Nye skogvernområde i Lærdal og Voss vedteke i dag

utsyn mot fjorden med trær rundt på alle kantar
Biletet er teke ut mot fjorden frå Bermålsnosi, det nyleg oppretta naturreservatet i Lærdal kommune. Til høgre i biletet ligg også Kvitingsmorki naturreservat, verna under verneplan for barskog i 1991, som no er i ein utvidingsprosess. Vi ser det som sannsynleg at Kvitingsmorki blir utvida i løpet av året. Foto: AT Skog v/ Vebjørn Enerstvedt.

Kongen i statsråd vedtok i dag i å verne 32 nye skogvernområde, der to er i Vestland. Bermålsnosi naturreservat ligg i Lærdal kommune og Granvinsfjorden naturreservat finn du i Voss herad. Vernet bidreg til å sikre viktig natur for framtida. Vi gratulerer!  

Publisert 24.06.2025

Vernevedtaket i dag omfattar 61 km2 nytt verneareal og vil bidra til å ta vare på norsk natur for kommande generasjonar. Utan det gode samarbeidet med grunneigarane som frivillig skogvernordninga legg til grunn hadde dette vernet ikkje blitt ein realitet.

Vi takkar for samarbeidet med AT Skog og grunneigarane både i Lærdal og Voss som har delteke i prosessen. 

Bermålsnosi naturreservat  er 5431 dekar stort og Granvinsfjorden naturreservat er 891 dekar stort. Granvinsfjorden er ei utviding av verneområdet som tidlegare var kjent som Folkedal og Haukanes naturreservat, og som då har fått nytt namn i samband med utvidinga.

Nasjonale mål sikrar skogvernarbeidet

Det er i verneprosessen ikkje avdekt vesentlege negative samfunnsmessige konsekvensar av vernet. Vernet bidreg til å nå Stortingets mål om vern av 10 prosent av skogarealet og til internasjonale mål og forpliktelser. 

Vernet vil bidra til å oppfylle dei nasjonale måla for naturmangfald som Stortinget slutta seg til mellom anna gjennom handsaminga av Meld. St. 14 (2015-2016) Natur for livet og Meld. St. 35 (2023-2024) Bærekraftig bruk og bevaring av natur

  1. Økosystema skal ha god tilstand og levere økosystemtenester.
  2. Ingen artar og naturtypar skal utryddast som følgje av menneskeleg aktivitet, og utviklinga for truga og nær truga artar og naturtypar skal betrast.
  3. Eit representativt utval av norsk natur skal bevarast for kommande generasjonar.

Verneforslaget vil også bidra til å nå FNs berekraftsmål nr. 15 Livet på land. Skogvern er vurdert som eit effektivt verkemiddel for å sikre norsk naturmangfald, bl.a. ved å fange opp truga og nær truga naturtypar og leveområde for mange truga og nær truga artar. 

Kva verneverdiar finn vi i Bermålsnosi naturreservat?

Bermålsnosi naturreservat ligg i ei nord- og vestvendt, bratt liside i ein gradient frå fjord til fjell på sørsida av Sognefjorden i Lærdal kommune. Skogen er i hovudsak dominert av furu, med bjørk og storvaksne ospetre. Ein finn også parti med meir varmekjær vegetasjon som hassel og gråor. I nordlege delar med rikare mark førekjem den raudlista naturtypen kalk- og lågurtfuruskog (VU). Bermålsnosi inkluderer også bjørk og rogn i rasmarkskog, med stadvis store mengde død ved av bjørk. Det er død ved i store dimensjonar etter m.a. skogbrann, der m.a. signalarten pusledraugmose, som utelukkande finst på dødved, er registrert. Bermålsnosi har gamle tre, der mellom andre furutre med alder på 350 år er registrert. 

Du finn stor variasjon i vegetasjonen og naturtypar knytt til ulike høgdelag, og med påverknad som ras, brann og snøskred dannar dette mange habitat. Bermålsnosi dekker fire ulike vegetasjonssoner, der både mellomboreal, nordboreal, sørboreal og boreonemoral sone inngår i ein gradient frå fjord til fjell. Lågaste punkt er ved fjorden og høgaste punkt er på Bermålsnosi på 1257 meter over havet. 

Området dekker manglar i skogvernet knytt til bonitet, truga artar, raudlista naturtype i form av kalk- og lågurtfuruskog, og andre mangelnaturtypar som kalkbjørkeskog, gråorheggeskog av lisidetype og gamal lauvblandingsskog. Naturreservatet dekker den raudlista naturtypen kalk- og lågurtfuruskog (VU), og det er registrert raudlista artar i fleire kategoriar, mellom anna ein art som er sterkt truga (ask) og 6 artar som er nær truga (NT). 

Kva verneverdiar finn vi i Granvinsfjorden naturreservat? 

Granvinsfjorden naturreservat omfattar lia nordaustover langs fjorden og inkluderer fleire naturtypelokalitetar. Kartleggar skildrar området som veldig variert med stort mangfald av treslag. Edellauvskog dekkjer eit stort areal og naturtypen frisk lågurtedellauvskog (NT) og haustingsskog inngår. Fattig furu-eikeskog står på meir grunnlendt mark. I rasmark er det ein god del død ved i varierande dimensjon og nedbrytingsgrad. Død ved finst også i brattare og høgareliggande delar av området. Det finst også nokre hole eiker av svært store dimensjonar. Det er eit særleg høgt potensiale for raudlisteartar knytt til gamle edellauvtre og død ved.

Naturreservatet vil bidra til å dekke manglar i skogvernet for naturtypen gamal blandingslauvskog, eikedominert skog, alm-lindeskog, hasselkratt og noko skog på høg bonitet. Verneområdet inkluderer ei søraustvendt fjordli på over 3 km. Føremålet med vernet er å ta vare på denne trua, sjeldne og sårbare naturen.

 

Vi vil i løpet av kort tid sende ut kunngjeringsbrev og annonsere vernevedtaket i avisa. I løpet av kort tid vil også vernegrensene vere synlege på offisielle digitale kartdatabasar. 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.