Lokal aksept i Bremanger for å starte arbeidet med å opprette nasjonalpark på Hornelen-halvøya

Fjell med snø på
Hornelen går for å vere den høgaste sjøklippa i Europa, med sine 899 meter over havet. Foto: Tore Larsen.

Kommunestyret i Bremanger vedtok i gårsdagens møte at Statsforvaltaren får gå vidare med arbeidet med å opprette ein nasjonalpark på Hornelen-halvøya.

Publisert 22.03.2024

Arbeidet er ein del av oppdrag Bevaring av verdifull natur. Lokal aksept står sentralt i prosessen, og Bremanger kommune har no gitt grønt lys til at vi kan greie ut konsekvensane av å gjere Hornelen til nasjonalpark.

Startskotet for formell verneprosess

Det neste steget er å varsle oppstart av vern og starte ein formell verneprosess. Ein verneprosess omfattar kunnskapsinnhenting, involvering av berørte partar, utarbeiding av verneframlegg og høyring, før ein eventuell oppretting av nasjonalparken skjer ved kongeleg resolusjon. Lokal aksept for verneframlegget som skal utarbeidast er eit premiss for å opprette ein nasjonalpark på Hornelen-halvøya.

Ei sjøklippe med store naturverdiar

Hornelen går for å vere den høgaste sjøklippa i Europa, med sine 899 meter over havet. Hornelen-halvøya ligg i eit lite påverka fjordområde med store landskapsverdiar, og mot aust og sør er den upåverka av vegar og andre inngrep og gir difor ein ubroten gradient frå fjord til fjell. Førekomst av både kyst og fjellplantar på same stad vil vere unikt for eit verneområde i Sør-Noreg, og Hornelen vil kunne bli både den vestlegaste og minste nasjonalparken i Noreg.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.