Måsane har rett til uforstyrra familieliv også på hustak

Måsane er elska og hata i landet vårt. Fuglane har likevel ein lovfesta rett til eit uforstyrra familieliv. Fjerning av reir som er i bruk er i strid med norsk lov, det same gjeld forstyrring av rugande fuglar.
Måsane er elska og hata i landet vårt. Fuglane har likevel ein lovfesta rett til eit uforstyrra familieliv. Fjerning av reir som er i bruk er i strid med norsk lov, det same gjeld forstyrring av rugande fuglar. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Tore Larsen.

Levande natur, meiner nokre. Skrik, skrål og ubehag, meiner andre. Med våren har fiskemåsen kome tilbake for å bygge og bu, kanskje på eit hustak nær deg? Det er ikkje fritt fram å fjerne dei.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 21.05.2021

Fiskemåsen er nær truga på den norske raudlista

Fiskemåsen var tidlegare ein av dei mest talrike måseartane i Noreg, men dei siste tiåra har bestanden gått sterkt ned på kysten. På Vestlandet er det gjennomført sjøfuglteljingar frå 80-talet og fram til i dag, og hekkebestanden av fiskemåse er for tida berre ein åttedel av det den var då tellingane tok til. Det er truleg dårleg næringstilgang som er årsaka. Fiskemåsen kom derfor i 2010 på den norske raudlista over sårbare artar, i kategorien "Nær Truga".

Inne i fjordane var situasjonen ei stund betre enn på kysten. Rett nok har gamle hekkeplassar på elveøyrar og strandområde blitt nedbygde, men gode alternativ har dukka opp i form av industritak og andre tak der måsane kan hekke med godt oversyn, verna mot hundar og menneske. Og ettersom fiskemåsen ikkje er spesielt stillferdig av seg, blir det ein del høglytt konversasjon på hustaka i pardanningstida og framover mot egglegging. Men også innover i fjordane er hekkebestandane no betydeleg reduserte.

Det er ulovleg å fjerne reir som er i bruk

Nokre ønskjer skrikande måsar dit pepperen gror, og til tider kjem det også ønske om å fjerne måsereir eller gå endå meir hardhendt til verks. Men yngletidsfreding er eit godt innarbeidd forvaltingsprinsipp i Noreg, og fuglane har lovverket på si side. Paragraf 15 i naturmangfaldlova seier i første ledd at "Høsting og annet uttak av naturlig viltlevende dyr skal følge av lov eller vedtak med hjemmel i lov. Unødig skade og lidelse på viltlevende dyr og deres reir, bo eller hi skal unngås." I klartekst betyr dette at fjerning av reir som er i bruk, er i strid med lova. Det same gjeld forstyrring av rugande fuglar.

Fiskemåsen hekkar på bakken dersom den føler seg trygg. Men å bu saman med menneske kan vere ei utfordring, så reiret må plasserast utanfor rekkevidde for folk og hundar. Denne fuglen fann ikkje noko eigna hustak, og valde seg ein gammal vedstabel.
Fiskemåsen hekkar på bakken dersom den føler seg trygg. Men å bu saman med menneske kan vere ei utfordring, så reiret må plasserast utanfor rekkevidde for folk og hundar. Denne fuglen fann ikkje noko eigna hustak, og valde seg ein gammal vedstabel. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Tore Larsen.

Problem med hekkande måsar på hustak må dermed handterast i form av førebyggande tiltak. Flate tak kan som regel sperrast effektivt av med eit nettverk av trådar som hindrar måsane i å lande. Dette nettverket treng ikkje vere spesielt tett, ein meter eller ein halv mellom trådane fungerer ofte greitt. Endå betre effekt får ein av tiltaket dersom ein har høve til samtidig å setje av eit anna område der måsane kan få hekke i fred.

Skrik og skrål berre i avgrensa periodar

Statsforvaltaren kan gi skadefellingsløyve i særlege tilfelle, men naturens lydar er ikkje mellom desse. Måseskrika er dessutan i stor grad knytt til pardanningstida om våren. Når egga er lagt, kjem ein rolegare periode fram mot klekking tre veker seinare. Då slår foreldreinstinktet inn for fullt, og måsane forsvarar ungane sine mot alt og alle som kan tenkast å utgjere ein trussel. Nokre individ angrip folk som kjem for nær, og kan oppfattast som skremmande – særleg når dei stuper lydlaust inn bakfrå og skrik i øyret ditt når dei passerer. Men dei nøyer seg med å skremme, og utgjer ingen fare. Måsen avbryt angrepet dersom du viftar litt med handa over hovudet. Ei veke etter klekking har ungane som regel hoppa ned frå taket, og saman med foreldra sett kursen mot næraste fjøre.

Sjølv om måsen på hustaka for nokre er eit reelt problem, vil den for dei aller fleste av oss vere fullt mogleg å leve i godt naboskap med. Fiskemåsen var her jo dessutan lenge før elveøyrane og strendene blei bygt ned...

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar