Kartlegging av ukjente og nyoppdaga korallrev i ytre Hardangerfjorden

Lophelia pertusa, eller augekorall, er ein kaldtvasskorall som kan vekse ned til 600 m djupne.
Lophelia pertusa, eller augekorall, er ein kaldtvasskorall som kan vekse ned til 600 m djupne. Foto: Erling Svensen.

Kartlegging av korallførekomstar er verdifullt med tanke på å auke kunnskapsgrunnlaget rundt desse viktige og sårbare naturtypane. No skal fem område i ytre Hardangerfjorden kartleggast. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.03.2021

Naturtypen Korallrev er vurdert til nær truga (NT) i den norske raudlista for naturtypar. Korallrev er dominert av spesielt ein art i norske farvatn, nemleg steinkorallen Lophelia pertusa, eller augekorall. Dette er ein kaldtvasskorall som ikkje er avhengig av lys, slik som tropiske korallrev er. Norske korallrev kan vekse ned til 600 m djupne og dei kan bli veldig gamle. Dei eldste norske korallreva er datert til å vere rundt 9000 år gamle.

Fem område i ytre Hardangerfjorden skal kartleggast

Korallane i fjordane våre er generelt lite kartlagde. I samarbeid med Havforskningsinstituttet (HI) skal vi undersøke fem område med fleirstråleekkolodd og undervassfilming. Metodar og erfaringar frå Hardangerfjorden har stor overføringsverdi nasjonalt, ved å bidra til å vidareutvikle modellar som kan hjelpe oss å forutsjå kvar vi kan forvente å finne nye områder med korallrev. Slike modellar kan bidra til at vi får betre kunnskap om kva som karakteriserer områda der korallrev lever og veks. Denne kunnskapen er viktig med tanke på handsaming av saker som omhandlar forureining, og andre tiltak som kan skade viktig naturmangfald.

Dei fem områda som no skal kartleggast for korallførekomstar i ytre Hardangerfjorden (raud sirkel). Frå inst til ytst: Ulvaneset, Husnesfjorden, Bukkarevet/Bruskjærrevet/Huglhammaren, Tråvassrevet og terskelområde i utlaupet av fjorden. Gule prikkar er HI sine observasjonar, nye og historiske, og dei blå er data som Statsforvaltaren har samla frå diverse rapportar.
Dei fem områda som no skal kartleggast for korallførekomstar i ytre Hardangerfjorden (raud sirkel). Frå inst til ytst: Ulvaneset, Husnesfjorden, Bukkarevet/Bruskjærrevet/Huglhammaren, Tråvassrevet og terskelområde i utlaupet av fjorden. Gule prikkar er HI sine observasjonar, nye og historiske, og dei blå er data som Statsforvaltaren har samla frå diverse rapportar. Foto: Statsforvaltaren i Vestland.

Det er ikkje gjennomført systematiske undersøkingar av korallrev i Hardangerfjorden sidan 1960

Det har dei siste åra blitt meir fokus på å kartlegge sjøbotn. Vi treng slike kartleggingar når til dømes ei verksemd skal søkje om utslepp eller inngrep på sjøbotn. Dette har resultert i ein del ny informasjon om korallar i Vestland, som viser at vi faktisk har ganske rike førekomstar i fylket.

Tidlegare har forvaltninga berre hatt Havforskningsinstituttet sitt kartlag over observasjonar av naturtypen korallrev, og det var særleg dei sørlege områda i Vestland som utmerka seg med å ha mange «gule prikkar» på kartet. Kartet gir oss illusjonen av at vi har visst mykje om kvar det er korallrev, men det er ikkje riktig. Faktum er at det ikkje er gjennomført nokon systematiske undersøkingar av korallrev i området sidan 1960. Fleira av dei gule prikkane i HI sitt kart over korallrev er ikkje blitt sjekka opp i nyare tid, og vi veit ikkje om det framleis eksisterer augekorall på mange av desse stadane.

Til tross for aukande kunnskap, så finst det framleis berre sporadisk og relativt unøyaktig informasjon om kvar det er korallrev, kor store dei er, og korleis det står til med helsa deira.

Hardbotnkorallskog på korallrev.
Hardbotnkorallskog på korallrev. Foto: Erling Svensen.

Før brukte ein trekantskrape, no brukar ein GPS, ekkolodd og ROV

Omlag halvparten av punktregistreringane av Lophelia er gjort i tida før GPS. Trekantskrape vart brukt for å systematisk undersøke faunaen på botn i fjordane. Funn av korall i skrapa vart teikna inn på kart ved krysspeiling i felt, og er geografisk sett ikkje veldig nøyaktig. Om funna representerer store rev eller enkeltkoloniar er i dei fleste tilfella ikkje kjent. Resten av punktregistreringane er frå dei siste 10 åra og er tilfeldige funn av Lophelia gjort under miljøundersøkingar eller forskingsprosjekt, som har brukt fjernstyrt undervassfarkost (ROV). For desse registreringane er posisjonen nøyaktig, men storleiken til førekomsten er ikkje kjent, då føremålet med undersøkingane ikkje var kartlegging av korallrev. 

Bukka-, Bruskjær- og Tråvassrevet skal kartleggast betre

I 2019 kartla forskarar frå HI eit «nytt» rev, Bukkarevet, på terskelen inn til Husnesfjorden i Hardangerfjorden. ROV-undersøking frå kartlegging av mogleg trase for straumkabel mellom Sima og Skottland, leia forskarane på rett spor. Revet låg om lag 300 m sørvest for ei eldre punktregistrering frå 1950 talet. No veit vi at revet ligg på eit høgedrag midt på terskelen, er minst 60 000 m2 stort og i god stand. På den nordre delen av terskelen vart det òg oppdaga eit nytt korallrev, Bruskjærrevet. Bruskjærrevet er ikkje ferdig kartlagt.

I 2020 blei endå eit korallrev nyoppdaga og kartlagt, Tråvassrevet, på ein terskel i Bømlafjorden. Revet låg rundt ei punktregistrering frå 2005. Lokale fiskarar kunne stadfeste at det låg eit stort korallrev her. To dagar med ROV var ikkje tilstrekkeleg for å finne revets ytterpunkt, men vi veit at Tråvassrevet er langt større enn Bukkarevet, og er truleg større enn 250 000 m2. Revet er i god stand og eit av dei tettaste og rikaste norske kystreva vi kjenner. Heile terskelen ser ut å være dekka av eit veldig tett og rikt samfunn av filtrerande svampar og korallar, og der det ikkje er korallrev, er botnen karakterisert av svampskog og korallskog.

Bukka-, Bruskjær- og Tråvassreva blei kartlagt av HI i samband med eit oppdrag frå Fiskeridirektoratet som gjekk på å auke kunnskapen om korallrev i norske fjordar. Undersøkingane viser oss at det finst mange, store rev som ikkje er tilstrekkeleg godt kartlagt, og at det er mange nye rev å oppdage. Å vite kvar korallreva er, er det første steget i forvaltinga av denne naturtypen.

Les meir om korallar og utfordringar knytt til forureining i arikkelen om korallar i vår marine fauna

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.